Content-Length: 154645 | pFad | http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Friuli-Venezia_Giulia

Friuli-Venezia Giulia – Wikipedia Hopp til innhald

Friuli-Venezia Giulia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friuli-Venezia Giulia
Friuli-Venezia Giulia
Friûl-Vignesie Julie
Furlanija - Julijska krajina
Friaul-Julisch Venetien
region
Flagg
Land  Italia
Del av Northeast Italy
Hovudstad Trieste
Areal 7 862,3 km²
Folketal 1 215 220 (2019)[1]
Kart
Friuli-Venezia Giulia
46°06′00″N 13°07′00″E / 46.1°N 13.116666666667°E / 46.1; 13.116666666667
Kart som viser Friuli-Venezia Giulia.
Kart som viser Friuli-Venezia Giulia.
Kart som viser Friuli-Venezia Giulia.
Wikimedia Commons: Friuli-Venezia Giulia

Friuli-Venezia Giulia[a] er ein av fem autonome regionar i Italia. Han vart tidlegare kalla Venezia Euganea. Hovudstaden er Trieste (slovensk Trst, tysk Triest) og han har eit areal på 7 862 km² og om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Med ei naturleg opning til sjøen for mange sentraleuropeiske land går det fleire hovudfartsårer i regionen mellom aust og vest i Sør-Europa.

Provinsane i Friuli-Venezia Giulia

Regionen ligg nordaust i Italia og grensar til Veneto i vest, Austerrike i nord, Slovenia i aust og Adriahavet i sør. Kystlengda til regionen er 111,7 km.

Friuli-Venezia Giulia er delt inn i fire provinsar:

Namnet på republikken kjem frå det latinske namnet på byen Cividale, den gamle hovudstaden i det lombardiske hertugdømet kalla «Forum Iulii» («Julius sitt forum», kalla opp etter Julius Cæsar). Regionen vart oppretta etter den andre verdskrigen for å løyse problemet med Trieste, som hadde mista sine naturlege bakland som var ein stor del av Venezia Giulia før det vart ein del av Jugoslavia. Derfor vart det avgjort at den historiske regionen Friuli skulle verte ein del av regionen til Trieste.

Det vert dyrka korn, druer, sukkerroe og soppost, og kvegdrift er òg viktig. Av industri finn ein skipsverft i Trieste og Monfalcone, stålverk i Pozzuolo del Friuli, vingardarar som produserer vin og grappa og møbelproduksjon i Manzano og Brugnera.

Bortsett frå italiensk vert det tala friulisk i regionen, og det finst òg ein større slovensk og tysk minoritet. slovensk vert tala i provinsen Trieste og dei austlege områda av provinsane Gorizia og Udine, i området kalla Venetiansk Slovenia, som består av Resiadalen og dei øvre dalane til elvane Torre og Natisone, der mange av landsbyane har både italienske og slovenske namn.

Byar i Friuli-Venezia Giulia med meir enn 50 000 innbyggjarar (2006 estimat):

Kommune Innbyggjarar
Trieste 206 058
Udine 96 678
Pordenone 50 926
  1. friulisk Friûl-Vignesie Julie, tysk Friaul-Julisch Venetien, slovensk Furlanija - Julijska krajina, venetiansk Friul-Venezsia Jułia

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Friuli-Venezia Giulia








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Friuli-Venezia_Giulia

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy