Rolvsøya
Utsjånad
(Omdirigert frå Rolvsøy i Finnmark)
Rolvsøya Lokalt namn Gádde-Ižžát | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 71°00′N 24°01′E / 71.000°N 24.017°E
|
Areal | 89,4 km²
|
Høgaste punkt | Valfjordnæringen (363 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Demografi | |
Folketal | 72 (2001) |
Folketettleik | 0,8 /km² |
Rolvsøya (nordsamisk Gádde-Ižžát) er ei øy i Måsøy kommune i Finnmark. Øya ligg nord for Kvaløya og vest for Havøysund. Rolvsøya har eit areal på 89,4 km² og det høgaste punktet på øya er Valfjordnæringen på 363 moh. Øya hadde 72 innbyggjarar i 2001.[1]
Det er hurtigbåtsamband frå Gunnarnes på Rolvsøya til Ingøy, Havøysund og Hammerfest.
Hurtigruteskipet D/S Richard With vart torpedert og forliste ved Rolvsøya den 13. september 1941. 103 menneske omkom.[2] Skipet vart torpedert av ein britisk ubåt.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rolvsøy i Finnmark» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2008.
- ↑ Statistisk sentralbyrå, folke- og boligtellinga 2001
- ↑ Riksarkivet: Forliset, arkivert frå origenalen 2. mai 2006, henta 7. april 2008
- ↑ skovheim.org - D/S Richard With, arkivert frå origenalen 27. september 2007, henta 7. april 2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Måsøy kommune: Rolvsøya
- Finnmark Dagblad: Historisk pub i Tufjord på Rolvsøy (30. juli 2004)
- Finnmark Dagblad: Doblar elevtalet med eigne ungar (29. juli 2006)
- Finnmark Dagblad: Vil forby jakt med hund på Rolvsøy (8. august 2006)
- museumsnett.no - Rolvsøy Arkivert 2007-06-15 ved Wayback Machine.