Arusha
Arusha | |||
by | |||
Land | Tanzania | ||
---|---|---|---|
Region | Arusha-regionen | ||
Areal | 1 590 km² | ||
Folketal | 416 442 (2012)[1] | ||
Arusha 3°22′00″S 36°41′00″E / 3.3666666666667°S 36.683333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Arusha |
Arusha er ein by i nordlege Tanzania, og regionshovudstad i Arusha-regionen. Ved folketeljinga i 2012 hadde han 416 442 innbyggjarar. Arusha er omringa av nokre av dei best kjende landskapa og nasjonalparkane i Afrika. Byen ligg nedanfor Mount Meru på den austre kanten av Riftdalen, og ligg i nærleiken av Serengeti, Ngorongorokrateret, Manyarasjøen, Olduvaikløfta, Tarangire nasjonalpark og Kilimanjaro. Dessutan ligg Arusha nasjonalpark på Mount Meru.
Arusha er eit viktig økonomisk senter.[2] Hovudkvarteret til Den austafrikanske fellesskapen ligg i Arusha.[3] Sidan 1995 har byen husa Det internasjonale tribunalet for Rwanda nedsett av SN.[4] I 2006 blei Arusha også heim for Den afrikanske menneskerettsdomstolen.[5] Det er ein fleirkulturell by med ein afrikansk majoritet og store arabiske og indiske minoritetar, og dessutan europearar og amerikanarar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Kulturhuset i Arusha
-
Gate i Arusha
-
Arusha botaniske hage
-
ALMC sjukehus i Arusha
-
Den katolske domkyrkja i Arusha
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Population Distribution by Administrative Areas, 2012 Population and Housing Census, National Bureau of Statistics, United Republic of Tanzania, 2013, side 26, besøkt 26. september 2017.
- ↑ «Arusha | region, Tanzania», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 30. juli 2021
- ↑ «Overview of EAC». EAC. Henta 12. april 2020.
- ↑ «S-RES-977(1995). United Nations Official Document», www.un.org, henta 30. juli 2021
- ↑ «AFCHPR», www.african-court.org, henta 30. juli 2021
- Denne artikkelen bygger på «Arusha» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2018.