Gisle Johnson
Gisle Johnson | |||
| |||
Fødd | 10. september 1822 Halden kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 17. juli 1894 Nøtterøy kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | teolog, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Jonathan Johnson | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Gisle Christian Johnson (fødd 10. september 1822 i Halden, død 17. juli 1894 i Tønsberg) var ein norsk teolog. Han var mellom anna stiftaren av Christiania Indremissionsforening (Kirkens Bymisjon) og Den norske Lutherstiftelse (Indremisjonen).
Gisle voks opp i Kristiansand som son til Wilhelmine Hanssen og Georg Daniel Barth Johnson. Farsslekta hadde bakgrunn frå Island.
Han tok teologisk embetseksamen i Christiania i 1845. Deretter studerte han eitt år i Tyskland, og kom der i kontakt med Carl Paul Caspari. I 1849 vart Gisle Johnson lektor ved universitetet i Kristiania, og i 1860 vart han tilsett som professor, først i systematisk teologi og dogmehistorie, frå 1875 i kyrkjehistorie.
Som forkynnar var han konservativ pietist og åtvara mot det han såg som vantrua og den politiske radikalismen i tida. Han førte vidare den haugianske tradisjonen med offentlege bibellesingar.
I 1855 stifta han Christiania Indremissionsforening og i 1868 Den norske Lutherstiftelse (frå 1891 Det norske lutherske Indremisjonsselskap). I 1858 grunnla han i lag med med Carl Paul Caspari og Tønder Nissen Theologisk tidsskrift for den evangelisk lutherske kirke i Norge, og i 1863 Luthersk Kirketidende. I 1862 gav han og Caspari ut ei norsk omsetjing av Konkordieboka.
I 1883 stod han bak oppropet «Til Christendommens Venner».
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Grundrids af Den systematiske teologi (1878)
- Forelæsninger over dogmehistorien (1898)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gisle Johnson» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2013.
- "Fra Hersleb til Dahl" – artikkelserie om 13 profiler ved Det teologiske fakultet gjennom 180 år Arkivert 2007-06-10 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kort biografi ved Det teologiske fakultet, UiO Arkivert 2007-06-10 ved Wayback Machine.
- Kort biografi av Ingrid Brissach Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine.
- Adresseavisa Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine., 5. september 2006
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- D. Thorkildsen. Da kirken oppdaget folket. I S.Aa. Christophersen og T. Wyller (red). Arv og utfordring. Oslo 1995.