Content-Length: 74538 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Hertugd%C3%B8met_Slesvig

Hertugdømet Slesvig – Wikipedia Hopp til innhald

Hertugdømet Slesvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hertugdømet Slesvig eller Sønderjylland (tysk Herzogtum Schleswig) var eit dansk hertugdøme i grenseområdet mellom Danmark og Tyskland. Hertugdømet omfatta eit område mellom elvene Ejderen i sør og Kongeå og Kolding Å i nord. Den siste jarlen av Sønderjylland, Knud Lavard, tok den tyske hertugtittelen for jarledømet sitt.

Innvandring frå sør gjennom mellomalderen fortrengte etter kvart dansk som hovudspråk i Sør-Slesvig, og nedertysk vart meir nytta. Mange kongar av Danmark var samstundes hertug av Slesvig. Såleis var hertugdømet i personalunion med Danmark. Hertugdømet Slesvig høyrde inn under Jyske Lov (seinare formulert på tysk) til innføringa av Preussische Landesgesetz i 1866. Etter den andre slesvigske krigen i 1864 vart styringa av Slesvig teken over av Preussen. Danmark måtte avstå Holstein, Lauenburg og heile hertugdømet Slesvig, slik at den dansk-tyske grensa gjekk ved Kongeå. Etter første verdskrigen var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark, medan Sør-Slesvig vart ein del av Schleswig-Holstein i Tyskland.

Hovudbyen i hertugdømet heiter òg Schleswig (Slesvig).









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Hertugd%C3%B8met_Slesvig

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy