Spagetti
Spagetti (frå spaghetti, italiensk fleirtalsform av eit diminutiv av spago, 'streng, tråd'[1]) er ein type pasta forma som lange, sylindriske trådar.
Spagetti blir laga av semule av durumkveite i Italia, men ein kan også bruka vanleg kveitemjøl. Kornet blir blanda med vatn til deig, kjevla ut, skoren til trådar og kappa av.[3] I dag blir spagetti vanlegvis kjøpt tørka, avkappa til ei standardlengd, men det går òg an å kjøpa fersk spagetti eller laga sin eigen.[4]
Spagetti kan ha mange ulike utformingar og namn som går på form, tjukkleik og lengd.
Runde spagettitypar:[4]
- Pici, handrulla spagetti
- Spaghettoni, tjukke trådar
- Spaghetti, «standard», middels tjukke trådar
- Spaghettini, tynnare trådar
- Fedelini ('små trufaste'), trådar som er litt tynnare enn spaghettini
- Vermicelloni, trådar som er litt tynnare enn fedelini
- Vermicelli, 'små ormar', trådar som er litt tynnare enn vermicelloni
- Capellini, 'tynne hår', trådar som er litt tynnare enn vermicelli
- Capelli d’ngelo, 'englehår', den tynnaste spaghettitypen
Flate spagettitypar:
- Linguine ('små tunger'), tynn flat spagetti
- Fettuccine ('små band'), noko tjukkare enn linguine, ca. 6,5 mm brei)
- Tagliatelle (avleidd av tagliare, 'å skjera'). Tjukk bandspagetti laga med egg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «spagetti» i Nynorskordboka.
- ↑ «Mangiamaccheroni - Neapolitan Macaroni Eaters», FXcuisine.com
- ↑ «Great Spaghetti Tips - How to Make Fresh Spaghetti From Scratch at Home» Arkivert 2014-09-26 ved Wayback Machine., allaboutspaghetti.com
- ↑ 4,0 4,1 «What is Spaghetti All About and Where Did it Come From?--Find Out Here» Arkivert 2014-05-02 ved Wayback Machine., allaboutspaghetti.com