Content-Length: 114441 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/Spr%C3%A5ket_sjona

Språket sjona – Wikipedia Hopp til innhald

Språket sjona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjona
ChiShona
Klassifisering Nigerkongo
 Atlantisk
  Voltakongo
   Benuekongo
    Bantoid
     Sørbantoid
      Bantuspråk
       Sentralt
        Sone S.10
Bruk
Tala i  Zimbabwe
 Zambia
 Botswana
Sjonatalande i alt 10 759 200[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 sn
ISO 639-2 sna
ISO 639-3 sna
Wikipedia på sjona

Sjona (sjona ChiShona) er eit bantuspråk i nigerkongo-familien. Over 10 millionar menneske i Zimbabwe snakkar dette språket, og dessutan 30 000 i Zambia og 10 000 i Botswana. Folkegruppa som snakkar sjona, vert kalla shonaer. Sjona er saman med ndebele og engelsk offisielt språk i Zimbabwe.

Klassifisering

[endre | endre wikiteksten]

Sjona er del av sone S.10 i Malcolm Guthrie si klassifisering av bantuspråk; dette er eit dialektkontinuum av nærskylde språk, mellom dei manyika, nambya og ndau i Zimbabwe og sentrale Mosambik, tawara og tewe i Mosambik og ikalanga i Botswana.

Moderne sjona er basert på dialektane til karangafolket i provinsen Masvingo rundt Store Zimbabwe og zezerufolket i nordlege og sentrale Zimbabwe.

Sjona har eit skriftspråk med latinske bokstavar. Ortografi og grammatikk vart utarbeidd på 1900-talet og stabilisert på 1950-talet. Den første romanen på sjona, Fesol av Solomon Mutswairo, vart utgjeven i 1957. Det vert undervist i sjona på skular, men det vert ikkje brukt som undervisningsspråk. Det finst litteratur på sjona, og språket er skildra i fleire ordbøker, både eittspråklege og tospråklege (då for det meste sjona–engelsk).

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Biehler, E. (1950) A Shona dictionary with an outline Shona grammar (revised edition). The Jesuit Fathers.
  • Brauner, Sigmund (1995) A grammatical sketch of Shona : including historical notes. Köln: Rüdiger Koppe.
  • Carter, Hazel (1986) Kuverenga Chishóna: an introductory Shona reader with grammatical sketch (2nd edition). London: SOAS.
  • Doke, Clement M. (1931) Report on the unification of the Shona dialects. Stephen Austin Sons.
  • Mutasa, David (1996) The problems of standardizing spoken dialects: the Shona experience, Language Matters, 27, 79
  • Lafon, Michel (1995), Le shona et les shonas du Zimbabwe, Harmattan éd., Paris








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Spr%C3%A5ket_sjona

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy