Kurt Hamrin
Kurt Roland Hamrin (fødd 19. november 1934), kjend som Kurre Hamrin, er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Stockholm. Han var i årevis Sveriges beste høgreveng og spelte i VM-finalen 1958. Perioden 1956-71 var han aktiv i fem italienske klubblag der han hadde suksess med ACF Fiorentina og AC Milan, med siger i europacupfinalen 1969 som høgdepunktet.
Fødd | 19. november 1934 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stockholm | ||
Død | 4. februar 2024 | ||
Dødsstad | Firenze |
Klubbspel
endreHamrin var AIK-spelar fram til 1956. Sommaren 1956 reiste han til Italia og spelte dei to neste sesongane på først Juventus og så Padova. I 1958 vart han overført til Fiorentina, eit lag han spelte på i ni år. Med laget frå Firenze vann han i 1961 både den nasjonale cupmeisterskapen og cupvinnarcupen. Også i 1966 vann Fiorentina og Hamrin den italienske cupen. Etter overgangen til Milan i 1967 vart han seriemeister i 1968 og skåra våren begge måla då Milan vann finalen i cupvinnarcupen med 2-0 over Hamburger SV. Den 28. mai 1969 avslutta han tida i Milan med siger 4-1 over AFC Ajax i finalen i europacupen i fotball. Til sist spelte han 1969-71 på SSC Napoli.
Landslagsspel
endreHamrin spelte 20 landskampar for Sverige før han reiste til Italia i 1956. Der etter kom han tilbake på landslaget i VM i fotball 1958 i heimlandet. Her var han ein sentral spelar då Sverige tok seg til VM-finalen mot Brasil. I semifinalen på Nya Ullevi i Göteborg skåra han eit kunstmål då han på eigenhand tok seg gjennom det vesttyske forsvaret og frå dødlinja skrudde ballen i nettet. VM-finalen enda elles med svensk tap 2-5. Sidan spelte Hamrin sju landskampar i tida 1962-65 og enda opp med 32 kampar og 16 mål i landslagsdrakta.
Merittar
endre- Finaletap i verdsmeisterskap: 1958 med Sverige
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1961 med ACF Fiorentina og 1968 med AC Milan
- Italiensk cupmeister: 1961 og 1966 med ACF Fiorentina
- Italiensk seriemeister: 1968 med AC Milan
- Vinnar av europacupen: 1969 med AC Milan
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kurt Hamrin» frå Wikipedia på svensk, den 23. juni 2018.
- eu-football Arkivert 2018-06-23 ved Wayback Machine.