Eit adverbial er eit setningsledd som seier noko om verbalet, predikativet eller heile setninga. Det er ikkje kravt av verbalet, så difor kan ein sløyfa heile adverbialet utan at setninga vert feil grammatisk sett.

Typar av adverbial

endre
  • Stadsadverbial: Ho tok toget til Bergen.
  • Tidsadverbial: Kva skal me gjera i dag?
  • Måtesadverbial: Han talar fransk perfekt.
  • Middeladverbial: Snikkeren slo inn spikaren med ein hammar.
  • Gradsadverbial: Bitten åt mykje.
  • Komitativt adverbial: Ditlef drog på ferie saman med familien sin.
  • Benefaktivt adverbial: Eg skal gjera det for deg.
  • Agensadverbial: Tjuven vart arrestert av politiet.

Korleis finna fram til adverbialet

endre

Mange adverbial kan ein byta ut med eitt enkelt adverb:

  • Ho tok toget til Bergen. > Ho tok toget dit.
  • Kva skal me gjera i dag? > Kva skal me gjera no?

Me kan òg finna fram til ein del adverbial ved å nytta spørjeorda kvar, når, korleis, kor mange eller kor mykje:

  • Kvar tok ho toget? > Svar: til Bergen.
  • Når skal me gjera det? > Svar: i dag.
  • Korleis talar han fransk? > Svar: perfekt.
  • Kor mykje åt Bitten? > Svar: mykje.

Ei setning kan ha fleire adverbial:

  • Ho tok toget til Bergen i dag.

Om me sløyfar adverbialet, vil framleis setningane vera grammatisk korrekte (sjølv om tydinga kan vera ei anna eller me mistar vesentleg informasjon):

  • Snikkaren slo inn spikaren med ein hammer. > Snikkaren slo inn spikaren.
  • Ditlef drog på ferie saman med familien sin. > Ditlef drog på ferie.
  • Eg skal gjera det for deg. > Eg skal gjera det.
  • Tjuven vart arrestert av politiet. > Tjuven vart arrestert.


pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy