Alexandra Meissnitzer

Alexandra Meissnitzer (fødd 18. juni 1973) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Abtenau i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner 1999 og same sesongen vart verdsmeister i både storslalåm og super-G under VM i alpine greiner 1999 i Vail i USA.

Alexandra Meissnitzer


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 18. juni 1973 (51 år)
Abtenau
Idrett alpint
Tok del i Alpine greiner under Vinter-OL 1994, Alpine greiner under Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm kvinner
Utmerkingar æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Karriere

endre

Meissnitzer debuterte i verdscupen i alpine greiner den. 7. desember 1991. Nøyaktig på dagen fire år seinare vann ho super-G-rennet i Val-d’Isère og tok sin fyrste siger i verdscupen.

Sesongen 1997/98 oppnådde Meissnitzer seks pallplasseringar, og i det siste rennet for sesongen fekk ho sin fyrste verdscupsiger i storslalåm. Under Vinter-OL 1998 i Nagano tok ho sølv i storslalåm og bronse i super-G, i utfor kom ho på åttandeplass.

Framom 1999-sesongen bytta ho til skimerket Völkl. Under VM i alpine greiner 1999 i Vail og Beaver Creek vann ho gullmedaljane i både super-G og storslalåm. Ho kom på fjerdeplass i utfor, seks hundredels sekund bak bronsevinnaren. Gjennom vinteren vann ho heile åtte verdscuprenn og stakk dermed avgarde med den store FIS-pokalen. Ho gjekk også til topps i kampen om super-G- og storslalåm-pokalane.

Meissnitzer var noko skadeplaga dei neste sesongane. Under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz vann ho sølvmedaljen i utforrennet, slått med elleve hundredels sekund av kanadiske Mélanie Turgeon. I januar 2004 vann Meissnitzer eit verdscuprenn for fyrste gong på nær fem år, då ho sigra i super-G i Megève i Frankrike.

32 år gammal vann Meissnitzer si tredje olympiske medalje under vinterleikane 2006, ein bronsemedalje i yndlingsgreina super-G. Den 13. mars 2008 vart ho nummer tre i super-G under verdscupavslutninga i italienske Bormio, dermed var ho den eldste kvinnelege skialpinisten som hadde stått på sigerspallen etter eit verdscuprenn.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy