Christian Mayer
Christian Mayer (fødd 10. januar 1972) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Finkenstein i Kärnten som vann ein OL-bronse både i 1994 og 1998, samt VM-bronse i 1997. I 1994 vann han FIS-pokalen, verdscupen, i storslalåm.
Christian Mayer | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 10. januar 1972 (52 år) Finkenstein am Faaker See |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Alpint under Vinter-OL 1994 – Storslalåm menn, alpine skiing at the 1998 Winter Olympics – men's combined |
Utmerkingar | ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester |
Aktiv
endreMayer meisterskaps-debuterte med ein tiandeplass i storslalåm under Vinter-OL 1992 i Albertville. To år seinare, under OL 1994 på Lillehammer, tok han bronsemedaljen i storslalåm, i 1996 vart han nummer seks i same greina under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada.
Ved verdsmeisterskapen 1997 i Sestriere måtte Mayer nøye seg med ein tiandeplass i super-G. Han lukkast klart betre under vinterleikane 1998 i Nagano, der han tok bronsen i kombinasjonen og vart nummer fem i slalåmrennet. Også frå VM i alpine greiner 1999 i Vail i Colorado kom han heim med ein bronsemedalje, den gongen i slalåm. I seinare internasjonale meisterskap fekk han ikkje delta stort, ein 14. plass i storslalåm i VM 2003 i St. Anton var det han oppnådde.
Frå desember 1993 til mars 2000 vann Mayer sju renn i verdscupen i alpine greiner, seks i spesialgreina storslalåm og eitt i super-G. I 1994, hans beste sesong, vann han storslalåm-greina av verdscupen i alpine greiner.
Mayer la opp som aktiv alpinist i 2006.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Christian Mayer» frå Wikipedia på tysk, den 29. desember 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- «Christian Mayer» (på engelsk). olympedia.org. Henta 11. februar 2023.