Datasnoking er å uløyves bryta seg inn på andre sine datamaskinar for å utnytte eller endre data, eller for å nytta maskina til eigne føremål. Nokre driv med datasnoking som fritidssyssel, medan andre gjer det for å få tak i informasjon eller for å nytta datamaskina til å spreia søppelpost, for tilgangsnektingsåtak, osb.

Kriminelle bryt seg inn på andre sine datamaskinar for å nytta dei til ljossky aktivitet som å freista å få tak i passord til nettbankar, personnummer (nettfiske), eller for å gjera det vanskelegare å spora dei når dei går til åtak på andre maskinar. Hemmelege tenester til statar driv òg med datasnoking i samband med spionasje og føretak kan nytta datasnoking i samband med industrispionasje, der målet er å få tak i foretningsløyndomar til konkurrentar.

Datasnokarar nyttar ulike metodar, som trojanar, shellcode, falske e-postar, nettfiske, nettsidekapring, osb.

Tiltak mot datasnoking

endre

Det finst fleire tiltak for å unngå datasnoking, som å nytta brannmur, antivirusprogram og å syta for å ha oppdatert systemprogramvare og brukarprogram. Eit effektivt tiltak kan vera å ikkje opna vedlegg til e-post frå ukjente avsendarar og ikkje gå inn på nettstadar ein ikkje har tillit til. Ein vanleg måte å bryta seg inn på andre sine maskinar på er å leita opp ukrypterte trålaust nett, så når ein nyttar skile er det viktig at ein er nøye med å passa på at trafikken er kryptert.

Sjå òg

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy