Didier Cuche (fødd 16. august 1974) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Le Pâquier i Neuchâtel. Han vart verdsmeister i super-G i 2009, i tillegg har han tre sølvmedaljar frå tre ulike internasjonale meisterskap. Cuche vart nummer to i verdscupen i alpint i 2011, og vann utforcupen av verdscupen fire gongar (2007, -08, -10 og -11), medan han i 2009 vann storslalåmcupen og i 2011 også super-G-cupen.

Didier Cuche


Statsborgarskap Sveits
Fødd 16. august 1974 (50 år)
Le Pâquier i Neuchâtel
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G menn
Utmerkingar Årets idrettsutøvar i Sveits

Aktiv

endre

Cuche slo gjennom i 1998-sesongen, han kom då på åttandeplassen i verdscupen i alpint og vart nummer fire i utforcupen av verdscupen. Kort tid føre vinterolympiaden vann han i Kitzbühel sin fyrste verdscupsiger. Eit høgdepunkt i sesongen fekk også med sølvmedalje i super-G under OL 1998 i Nagano, slått av Hermann Maier og på same tid som Hans Knauß. Dei neste tre sesongane høyrde han med mellom dei beste skialpinistane i verda, men utan å toppe resultatlistene.

I 2002-sesongen vart Cuche nummer tre i verdscupen i alpint, nummer to i super-G-cupen og kom på fjerdeplass i storslalåmcupen. Også 2003-sesongen var ein stor sesong, med tredjeplass i storslalåm- og femte plass i den totale verdscupen.

Cuche var i sine seks siste år som heilt i toppen i verdseliten. I fire sesongar på rad, 2007-10, vart han nummer tre i verdscupen i alpint og i 2011 hadde han berre Ivica Kostelić frå Kroatia føre seg når alle poenga var talde. Utforpokalen i verdscupen fekk han med seg både i 2007, -08, -10 og -11, storslalåmpokalen i 2009, det året han ikkje vann utforpokalen, og super-G-pokalen sikra han seg i 2011.

Cuche tok bronsen i den alpine verdsmeisterskapen i Åre i 2007. To år seinare vann han gull i super-G og sølv i utfor under VM i alpine greiner 2009. I sitt siste verdsmeisterskap, i Garmisch-Partenkirchen i 2011, fekk han sølv i utfor.

Cuche la opp som aktiv skirennar i 2012.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

endre
  • 1998: Sølvmedalje i super-G og nr 8 i utfor under vinter-OL i Nagano
  • 1999: Nr 8 i super-G under VM i alpint i Vail
  • 2001: Nr 5 i super-G under VM i alpint i St. Anton
  • 2002: Nr 10 i storslalåm under vinter-OL i Salt Lake City
  • 2003: Nr 4 i utfor under alpin-VM i St. Moritz
  • 2006: Nr 12 i super-G under vinter-OL i Torino
  • 2007: Bronsemedalje i storslalåm, nr 4 i super-G og nr 6 i utfor under alpin-VM i Åre
  • 2009: Gullmedalje i super-G, sølvmedalje i utfor og nr 6 i storslalåm under alpin-VM i Val-d’Isère
  • 2010: Nr 6 i utfor under vinter-OL i Vancouver
  • 2011: Sølvmedalje i utfor og nr 4 i super-G under alpin-VM i Garmisch-Partenkirchen

Verdscupsigrar

endre
Dato Stad Øving
23. januar 1998   Austerrike Kitzbühel Utfor
5. januar 2002   Sveits Adelboden Storslalåm
7. mars 2002   Austerrike Altenmarkt-Zauchensee Super-G
8. desember 2002   USA Beaver Creek Super-G
30. januar 2004   Tyskland Garmisch-Partenkirchen Utfor
10. mars 2007   Noreg Kvitfjell Utfor
14. desember 2007   Italia Gherdëina Super-G
19. januar 2008   Austerrike Kitzbühel Utfor
4. februar 2009   Frankrike Val-d’Isère Super-G
21. februar 2009   Italia Sestriere Storslalåm
28. november 2009   Canada Lake Louise Utfor
22. januar 2010   Austerrike Kitzbühel Super-G
23. januar 2010   Austerrike Kitzbühel Utfor
6. mars 2010   Noreg Kvitfjell Utfor
22. januar 2011   Austerrike Kitzbühel Utfor
29. januar 2011   Frankrike Chamonix Utfor
13. mars 2011   Noreg Kvitfjell Super-G
26. november 2011   Canada Lake Louise Utfor
21. januar 2012   Austerrike Kitzbühel Utfor
28. januar 2012   Tyskland Garmisch-Partenkirchen Utfor
24. februar 2012   Sveits Crans-Montana Super-G

Kjelder

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy