Per Håkan Loob (fødd 3. juli 1960) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar frå Slite i Gotlands län. Han vann to VM-gull og eitt OL-gull med Sveriges landslag i perioden 1987-94.

Håkan Loob


Håkan Loob i 2013

Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. juli 1960 (64 år)
Visby
Idrett ishockey
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992
Utmerkingar Stanley Cup

Høgrevengen Loob vart verdsmeister med Sverige under Ishockey-VM 1987, ein prestasjon han og lagkameratane gjentok ved Ishockey-VM 1991. Under Vinter-OL 1994Lillehammer syrgde det Loob og ishockeymannskapet for Sveriges einaste gullmedalje i leikane.

Loob spelte på det svenske topplaget Färjestad BK frå 1979 til -83, eit lag som i 1981 vart svensk meister i ishockey. Frå 1983 til -89 var han aktiv på Calgary Flames i National Hockey League, ein klubb som i 1989 tok heim Stanley Cup-trofeet. Etter den triumfen reiste han heim til Sverige og spelte i sju sesongar på Färjestad BK før han la opp.

Loob var ein viktig spelar då Sverige i 1987 vann VM-pokalen for fyrste gong på 25 år. Også då Sverige vann VM-gull i Finland i 1991 ytte han mykje til den svenske suksessen, sameleis då det svenske mannskapet avslutta dei olympiske vinterleikane på Lillehammer med å slå Canada i OL-finalen.

Kjelder

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy