Jon Leirfall

norsk politikar

Jon Leirfall (7. oktober 189912. juni 1998) var ein norsk politikar (Bondepartiet og Senterpartiet) frå Hegra i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han var utdanna sivilagronom frå NLH i 1924. Sekretær i Bondepartiet i perioden 1929-33. Leirfall var gardbrukar og stortingsrepresentant frå 1945 til 1969, men gjorde seg òg kjent som historieforteljar, målstrevar og forfattar. I heimbygda vart han kalla Jon Bertemma, av di han budde på garden Bertem.[1]

Jon Leirfall

Fødd7. oktober 1899
Hegra
Død12. juni 1998 (98 år)
Statsborgar avNorsk
PartiSenterpartiet
YrkeGardbrukar, politikar, forfattar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
FarJohn Lerfald
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Jon Leirfall måtte under den andre verdskrigen flykte til Sverige saman med familien sin. Han skriv om opphaldet i Sverige i boka I storm og stille. Blad frå minneboka. Der fortel han mellom anna: «Hausten 1943 tok norsk militæropplæring og oppsetting av norske militæravdelingar i Sverige til. Dette er ei ganske fantastisk historie og eit klart brot på svensk nøytralitetspolitikk. Det strir mot all nøytralitet at ei krigførande makt får høve til å organisere militær verksemd mot ein fiende på nøytralt område.»

Prisar og utmerkingar

endre

Bibliografi

endre
  • 1927 – Undersøkelser over driftsmessige forhold i jordbruket
  • 1930 – Håndbok for tillitsmenn
  • 1936 – Jordspørsmålet i Norge. Et ordskiftegrunnlag for bygdeungdommen
  • 1939 – Studieplan for jamstilling
  • 1960 – Nordkalottens transportspørsmål
  • 1960 – Det vestlandske jordbruket i frihandelsområdet
  • 1960 – Har dei små bruka ei framtid?
  • 1962 – Helleristningene i Hegra
  • 1968 – Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, 1. bind (3 delar)
  • 1969 – Steinvikholm. Borgen og byggherren
  • 1969 – Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag
  • 1970 – Stormaskina. Frå bygdelivet i gammeltida
  • 1970 – Så seier soga. Mykleting og Marialyst i Borte-Pers tid, med Eskeland og Hetland
  • 1971 – Soga om det store mannefallet
  • 1972 – Soga om Tryggves fall, med Hetland
  • 1973 – Mangt eg minnes om ei tid som var
  • 1973 – Soga om Korvald Kyrre og den store hundestriden, med Hetland
  • 1975 – Soga om det store kvinneåret, med Hetland
  • 1976 – Vest i havet. Vesterhavsøyane gjennom tusen års norsk historie
  • 1977 – Bra folk. Profilar i det gamle bygdesamfunnet
  • 1978 – Soga om Oddvar Rådvill og Per Klipping, med Hetland
  • 1979 – Tusen år på Man. Sagaøya i Irskesjøen
  • 1981 – Sannferdige folk, med Hetland
  • 1983 – Hegra kirke. Kirke og menighet 1536–1783–1983
  • 1984 – Ute og heime
  • 1984 – Soga om ølet fra Drafn, med Hetland
  • 1986 – Old times in Norway
  • 1989 – I storm og stille. Blad frå minneboka

Referansar

endre
  1. Leirfall, J., Mangt eg minnes om ei tid som var, Det norske samlaget, 1973.

Bakgrunnsstoff

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy