Kuala Lumpur
Kuala Lumpur[a] er hovudstaden og den største byen i Malaysia, grunnlagt i 1857. Den utøvande statsmakta er flytta til ein ny administrativ hovudstad, Putrajaya, men bustaden til kongen av Malaysia, parlamentet og den dømande statsmakta har vorte verande i Kuala Lumpur.
Kuala Lumpur | |||
by | |||
Land | Malaysia | ||
---|---|---|---|
Høgd | 22 m | ||
Areal | 243,65 km² | ||
Folketal | 1 982 100 (2020)[1] | ||
Grunnlagd | 1857 | ||
Kuala Lumpur 3°08′52″N 101°41′43″E / 3.1477777777778°N 101.69527777778°E | |||
Kart som viser Kuala Lumpur.
| |||
Wikimedia Commons: Kuala Lumpur |
Kuala Lumpur er eitt av dei tre føderale territoria i Malaysia. Det er fullstendig omgjeve av delstaten Selangor, og ligg nær vestkysten av Malakkahalvøya.