Mary Had a Little Lamb av Wings

Mary Had a Little Lamb
Singel av Wings
B-side

«Little Woman Love»

Utgjeve 12. mai 1972
Innspelt March 1972
Sjanger Barnemusikk
Lengd 3:30
Selskap Apple
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney, Linda McCartney
Wings-kronologi 
«Give Ireland Back to the Irish»
(1972)
Mary Had a Little Lamb «Hi, Hi, Hi»
(1972)


«Mary Had a Little Lamb» er Wings sin versjon av den tradisjonelle barnesongen.

Bakgrunn

endre

Då songen kom ut meinte skribentar som Roy Carr og Tony Tyler i New Musical Express at songen vart spelt inn av McCartney som svar til at BBC bannlyste den førre singelen hans, den politiske «Give Ireland Back to the Irish»,[1] men McCartney har nekta for dette og sa det var eit oppriktig forsøk på å skrive ein song for barn.[2] Faktisk vart songen skriven før «Give Ireland Back to the Irish», sidan ein demo av songen kan høyrast under eit intervju spelt inn for radiostasjonen WRKO i desember 1971.[3]

Salslister og mottaking

endre

Songen vart slakta av kritikarane då han kom, men eit par meinte at det kunne vere ei ironisk innspeling.[4] Songen nådde niandeplassen i Storbritannia.[5] Mange radiostasjonar i USA valde i staden å spele B-sida, «Little Woman Love». Apple Records i USA endra til og med singelomslaget slik at namnet til begge sidene kom fram. Likevel nådde han berre 28. plassen i USA.[6]

Songen kom ut på singel 12. mai 1972 i Storbritannia,[7] utsett frå den planlagde datoen 5. mai.[8] Den amerikanske utgåva kom ut 29. mai.[8] Den 25. mai mima bandet til songen på BBC TV sitt Top of the Pops.[8] Over ei veke seinare, den 6. juni, mima bandet igjen til songen. Songen kom ut som bonusspor på den nymastra versjonen av Wild Life i 1993.

Kjelder

endre
  1. Carr, Roy; Tyler, Tony. The Beatles: An Illustrated Record (1975) p. 100
  2. Garbarini, Vic (1980). The McCartney Interview [interview LP], Columbia Records.
  3. Luca Perasi, Paul McCartney: Recording Sessions (1969-2013), L.I.L.Y. Publishing, 2013, ISBN 978-88-909122-1-4, p.79.
  4. Dempsey, J.M. «McCartney at 60: a body of work celebrating home and hearth», Popular Music & Society, February 2004.
  5. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 18. mai 2018. 
  6. «Paul McCartney Charts and Awards». allmusic. Henta 18. mai 2018. 
  7. Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). All Together Now – The First Complete Beatles Plateography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 113. ISBN 0-345-25680-8. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Miles, Barry; Badman, Keith, red. (2001). The Beatles Diary After the Break-Up: 1970-2001 (reprint utg.). London: Music Sales Group. ISBN 9780711983076. 
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy