Ringebu

tettstad i Ringebu

Ringebu er eit sokn og ein tettstad i Ringebu kommune i søre Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.

Ringebu
tettstad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Ringebu
Areal 1,86 km²
Folketal 1 382  (2023)
Folketettleik 743 / km²
Postnummer 2630 RINGEBU
Innbyggjarnamn ringbygging
Preposisjon Ringebu
Kart
Ringebu
61°31′47″N 10°08′20″E / 61.52963889°N 10.13888889°E / 61.52963889; 10.13888889
Wikimedia Commons: Vålebru

Ringebu sokn

endre

Ringebu sokn har snautt 3 000 innbyggjarar og femnar om bygdene langsmed Gudbrandsdalslågen, frå Frya i nord til Tromsa og Moelva i sør, med tettstaden Ringebu og og den del av tettstaden Fåvang (Tromsnes) som ligg nord for Tromsa. Ringebu stavkyrkje frå 1200-talet ligg 3 km sør for tettstaden.

Ringebu tettstad

endre

Tettstaden Ringebu, òg kalla Vålebru eller Vålebrua, har 1 382 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er administrasjonssenter i kommunen. Den voks fram som stasjonsby etter at Ringebu stasjon ved Dovrebanen blei opna i 1896. Namnet Vålebru kjem frå elva Våla, som renn gjennom sentrum, og dei to bruene som går over elva. På folkemunne kallar ein Ringebu sentrum (Vålebrua) for 'Brua', i motsetnad til 'skogen' som vert brukt om området Tollmoen/Tollskogen som ligg på vestsida av jarnbanen. Namnet Vålebru bruker ein mest for å unngå blanding mellom tettstaden Ringebu og Ringebu kommune.

Ringebu hadde det første gatetunet i landet, der hovudgata vart stengd for køyretøy og opna for gjengande. Føretaka trekkjer krambuer ut på gata, og det er ofte underhaldning i hovudgata (Jernbanegata). Jernbanegata er seinare bygd om fleire gonger, men har ivareteke gatetunet med forbod for køyrande, fartsdumper og fysiske sjikanar for å redusere på den nødvendige køyringa av vareleveransar, brann- og sjukebilar.

Ringebu Folkehøgskule ligg i tettstaden.

Folketalsutvikling på tettstaden Ringebu
År Innbyggjarar
1900
  
205
1910
  
323
1920
  
345
1930
  
396
1946
  
809
1950
  
792
1960
  
1 010
1970
  
1 059
1980
  
1 494
1990
  
1 382
2000
  
1 276
2009
  
1 326
2012
  
1 314
Kjelder:
 
Ringebu stavkyrkje
 
Ringebu rådhus

Kjende personar frå Ringebu

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

«Ringebu – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy