Rudolf er eit mannsnamn av norrønt eller anna germansk opphav. Det er sett saman av rud-, som kan ha opphav i norrønt hróðr eller gammelsaksisk hrôt, som begge betyr 'hyllest, berømming', og -olf, som kan stamma frå norrønt ulfr eller gammalhøgtysk wolf, 'ulv'. Hróðolfr var ei norrøn og Rodhulf ei gammalsvensk form av namnet.

Rudi og Ruud er kortformer, medan Rolf og Rollo er nærskylde namn. Rudolfine er ei kvinneleg form.

Rudolf har namnedag i Noreg og Sverige den 27. mars.

I Tyskland var Rudolf og Rudolph populære namn på gutebarn på første halvdelen av 1900-talet.

Namneberarar

endre

Annan bruk

endre
  • I amerikansk populærkultur er Rudolf namnet på eitt av reinsdyra til julenissen, kjend gjennom songen «Rudolph the Red-Nosed Reindeer», på norsk «Rudolf er rød på nesen».
  • I den norske filmklassikaren Fjols til fjells vil ikkje hotelldirektørdottera (Unni Bernhoft) røpa kven ho er for hotellportiér Poppe (Leif Juster). Direktørdottera heiter Ruth Granberg og ho presenterer seg difor slik: "Jeg heter Ru... Ru... Rudolf!"

Kjelder

endre
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy