Hopp til innhald

Universitetet i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitetet i Oslo


Latinsk namnUniversitas Osloensis
Grunnlagt2. september 1811
TypeOffentleg universitet
RektorSvein Stølen
StadOslo
Studentar26 650 (2021)
Tilsette7 029 (2021)
MedlemskapGlobal Biodiversity Information Facility, arXiv, ORCID
Org.nummer971035854
Nettstadhttps://www.uio.no (norsk, engelsk)
Kart
Universitetet i Oslo
59°56′24″N 10°43′19″E / 59.939936111111°N 10.722063888889°E / 59.939936111111; 10.722063888889

Universitetet i Oslo (UiO, latin Universitas Osloensis) vart grunnlagt i 1811 som Det Kgl. Frederiks Universitet (latin Universitas Regia Fredericiana). Universitetet vart kalla opp etter kong Fredrik VI av Danmark-Noreg. Eit viktig førebilete var Humboldt-universitetet i Berlin.

Dei fyrste universitetsbygningane på Karl Johans gate i Oslo sentrum. No hyser desse bygningane berre Det juridiske fakultetet.
Eilert Sundts hus, ein av fleire bygningar som Universitetet i Oslo har på Blindern i Oslo.

Universitetet, som endra offisielt namn i 1939, er det eldste universitetet i Noreg. Lenge vart institusjonen berre kalla «Universitetet», sidan det var det einaste universitetet i landet. Universitetet i Bergen opna som Noreg sitt andre universitet i 1946.

Universitetet i Oslo held til på Blindern i Oslo, der det frå 1930-talet og frametter har vorte bygd eit nytt universitetssentrum, «campus» i dagens terminologi. No er det berre Det juridiske fakultet som held til i dei opphavlege universitetsbygningane ved Karl Johans gate i sentrum av Oslo. Universitetet har kring 32 000 studentar.

Nobelprisvinnarar

[endre | endre wikiteksten]

Fire forskarar ved Universitetet i Oslo har motteke Nobelprisen:

Tidlegare rektorar er mellom anna

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Oslo
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy