Harald II av Noreg
Harald II | |||
Gunnhild eggjer sønene sine. Teikning av Christian Krogh. | |||
konge av Noreg | |||
Regjeringstid | 960–970 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 935 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Død | 970 | ||
Dødsstad | Hals | ||
Føregangar | Håkon I Adalsteinsfostre den gode | ||
Etterfølgjar | Harald I Blåtann av Danmark Håkon Sigurdsson Ladejarl | ||
Gift med | Ingen kjent | ||
Dynasti | Hårfagreætta | ||
Far | Eirik I av Noreg | ||
Mor | Gunnhild kongsmor |
Harald II Eiriksson (935–970) var son av kong Eirik Blodøks og soneson av kong Harald Hårfagre. Harald II var konge av Noreg frå om lag 960 til 970.[1] Han vert ofte kalla Harald Gråfell, av norrønt Haraldr gráfeldr.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Han var son av Eirik Blodøks og Gunnhild Ossursdotter, men voks opp hjå fosterfaren Harald Gormsson Blåtann. Han hadde åtte sysken.
Tilnamnet fekk han ifylgje Heimskringla etter ei reise til Hardanger. Der såg han ein islandsk handelsmann med mange skinn, som han ikkje fekk seld. Harald gjekk bort til han og spurde om han kunne få eit skinn av han, og det fekk han. Snart hadde alle om bord i Harald sitt skip skinnfellar. Etter dette gjekk salet av skinnfellar så bra at halvdelen som ville kjøpe skinnfell ikkje fekk.
Regjeringstid
[endre | endre wikiteksten]Han overtok trona etter at han vann eit slag mot kong Håkon den gode. Slaget ved Fitjar stod om lag 960. Harald og syskena var i stendig kamp mot Håkon den Gode etter at han dreiv far deira ut av landet. Etter slaget vart Harald konge saman med fire yngre brør. Alle var som underkongar under danskekongen Harald Blåtann. Eirikssønene ville stendig ha meir makt, og prøvde å leggja under seg meir land. Dei gjekk til kamp mot Ladejarlane, som var mektige i Trøndelag, på Vestlandet og i Nord-Noreg. Danskekongen likte ikkje det, og tok parti med Ladejarlane. Harald Gråfell vart kalla til Danmark, der han vart drepen i eit bakhaldsåtak på Hals ved Limfjorden om lag 970. Dei attlevande brørne rømde etter dette landet. Danskekongen gav så makta i Noreg til Ladejarlen Håkon Sigurdsson Jarl.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Harald 2. Gråfell» i Store norske leksikon, snl.no.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Harald Gråfelds saga i Heimskringla.
- Den norske kongerekken i Det norske kongehus.