Hopp til innhald

Naturleg tal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naturlege tal vert som regel meint med dei vanlege heiltala som ein nyttar til å telje med: 1, 2, 3, osv.

Det finst derimot to definisjonar av naturlege tal. Den eine definisjonen, som ofte vert nytta innan talteori, definerer naturlege tal som mengda av alle positive heiltal: {1, 2, 3, …}. Den andre definisjonen, som ofte vert nytta innan mengdelære og informatikk, inkluderer 0 i mengda av naturlege tal: {0, 1, 2, …}.

Mengda av naturlege tal skriv ein N eller . For å klargjera kva for definisjon som er nytta vert subskriptet 0 av og til nytta for å visa at 0 er med: N0 = { 0, 1, 2, …}. På same vis kan superskriptet * nyttast for å visa at 0 ikkje er med: N* = { 1, 2, …}.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy