Hopp til innhald

Vogelsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vogelsberg
fjell
Land  Tyskland
Kart
Vogelsberg
50°32′00″N 9°14′00″E / 50.533333333333°N 9.2333333333333°E / 50.533333333333; 9.2333333333333
Wikimedia Commons: Vogelsberg
Hoherodskopf

Vogelsberg er ei gruppe låge fjell sentralt i Tyskland, om lag midt i Hessen. Dei oppstod som følgje av vulkansk aktivitet og er skild frå Rhönfjella av elva Fulda og dalen hennar.

Fjella oppstod for om lag 19 millionar år sidan og er Tyskland sin einaste skjoldvulkan, og den største basaltformasjonen i Sentral-Europa.

Dei største toppane i Vogelsberg er Taufstein, 773 m, og Hoherodskopf, 763 m, begge i den lukka nasjonalparken Hoher Vogelsberg naturreservat.

I dei siste åra har gaupe kome tilbake til området.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy