Content-Length: 74132 | pFad | http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kvarg&action=info

Kvarg – Wikipedia Hopp til innhald

Kvarg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polsk twaróg i tradisjonell utforming.
Tysk Quark i vanleg kremaktig konsisten.

Kvarg er ein osteprodukt som er særleg populært i Mellom-Europa, i tyskspråklege land (som Quark) og i Estland (kohupiim). I Noreg blir kvarg seld under produktnamnet kesam av TINE.

Kvarg er ein ferskost laga ved å syrna mjølk og gjerne også tilsetja litt løype så ein kan skilja den faste ostemassen frå den flytande mysa. Ein enkel måte å gjera dette på, er å sila den sure mjølka gjennom ein silduk, så ostemassen vert samla oppå. Om ein ynskjer tjukkare kvarg, kan ein tilsetja fløyte eller rjome. Det kan brukast i matlaging, som pålegg, som dessert eller i ostekaker.

Sidan kvarg kan lagast av skumma mjølk eller tilsett feitt kan feittinnhaldet variera mellom 10 og 40 % i tradisjonell kvarg og mellom 1 og 8 % i mager kvarg.

Kvarg eller Quark er mykje brukt i Tyskland, der han står for halvparten av det totale ostekonsumet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Kvarg&action=info

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy