1939
Utsjånad
1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1939 (romartal MCMXXXIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Den spanske borgarkrigen enda med at falangistane vann og inntok Madrid i mars.
- Den andre verdskrigen tok til i september med invasjonen av Polen.
Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 26. januar: Falangistane tok Barcelona
- 26. januar: Francisco Franco sine troppar tok Barcelona, med hjelp frå styrkar frå Italia.
- 2. februar: Ungarn vart med i Antikominternpakta
- 10. februar: Falangistane tok Catalonia
- 2. mars: Pius XII vart pave
- 3. mars: I Bombay byrja Mohandas Gandhi ein sveltestreik i protest mot styresettet i India.
- 15. mars: Tyske troppar tok attverande delar av Böhmen og Mähren. Tsjekkoslovakia fanst ikkje lenger.
- 16. mars: Giftarmål mellom prinsesse Fawzia av Egypt og Mohammad Reza Pahlavi av Iran
- 22. mars: Tyskland tok Memel frå Litauen
- 28. mars: Diktator Francisco Franco tok Madrid, med dette var den spanske borgarkrigen slutt
- 4. april: Faisal II vart konge av Irak.
- 7. april: Italia invaderte Albania: Kong Zog flykta
- 11. april: Ungarn gjekk ut av Folkeforbundet
- 7. mai: Spania gjekk ut av Folkeforbundet
- 22. mai: Tyskland og Italia inngjekk Stålpakta.
- 23. august: Hitler og Stalin fordelte austlege Europa mellom seg. Finland, dei baltiske statane og austlege Polen fekk Sovjetunionen. Vestdelen av Polen fekk Tyskland. Avtala er kalla (Molotov-Ribbentrop-pakta), og var i tillegg ei avtale om ikkje å gå til åtak på kvarandre.
- 1. september: Tyskland gjekk til åtak på Polen.
- 3. september: Den andre verdskrigen: Frankrike, Australia og Storbritannia erklærte krig mot Tyskland.
- 5. september: Andre verdskrigen: Sambandsstatane (USA) sa seg nøytrale i krigen.
- 6. september: Andre verdskrigen: Sør-Afrika erklærte krig mot Tyskland.
- 10. september: Canada erklærte krig mot Tyskland.
- 17. september: Sovjetunionen invaderte Polen og okkuperte austlege delar.
- 8. oktober: Tyskland legg under seg vestre delar av Polen.
- 8. november: I München overlevde Adolf Hitler berre så vidt eit drapsforsøk. Hitler feirar 16- årsdagen for ølhallkuppet.
- 30. november: Den fyrste finske vinterkrigen byrja: Sovjetunionen invaderte Finland. Dei nådde Mannerheimlina og starta krigen.
- 14. desember: Sovjet måtte forlata Folkeforbundet på grunn av åtaket mot Finland.
- 27. desember: Jordskjelv i austre Anatolia i Tyrkia. Byen Erzingan vart øydelagd og om lag 100.000 døydde.
- Mason and Marshall ved Bell Labs laga ein høgdirektiv mikrofon.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 17. mai: Sverige, Noreg og Finland gjekk ikkje med på å inngå ei ikkje- åtaksavtale med Tyskland.
- 1. september: Noreg sa seg nøytral i høve krigen i Europa
- 13. september: Fyrste norske tap: skipet Ronda av Bergen minesprengd utanfor Nederland, 17 døydde.
- 2. oktober: Forsyningsdepartementet vart oppretta. Trygve Lie vart forsyningsminister i Johan Nygaardsvold si fyrste regjering.
- 14. desember: Vidkun Quisling hjå Hitler i Tyskland. Hitler gav ordre om planarbeidet Studie Nord, planar om korleis ein kunne ta Noreg.
- 22. desember: Birger Ljungberg vart forsvarsminister. Christian Fredrik Monsen gjekk av.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1939.
- 30. mars: Levi Fragell, norsk
- 3. april: Seamus Heaney, irsk forfattar
- 4. april: Ragnhild Queseth Haarstad, norsk politikar
- 20. april: Gro Harlem Brundtland, norsk statsminister
- 19. mai: Janis Lusis, sovjetisk-latviksk friidrettsutøvar
- 9. august: Romano Prodi, italiensk statsminister og EU-leiar
- 18. august: Harald Heide-Steen jr., norsk skodespelar
- 5. september: Erling Lægreid, norsk journalist
- 16. september: Jon Hellesnes, norsk filosof
- 16. oktober: Hans Fredrik Dahl, norsk historikar
- 18. oktober: Jan Erik Vold, norsk forfattar
- 20. oktober: Rosemarie Köhn, norsk biskop
- 26. oktober: Tina Turner, USA-amerikansk songar
- 27. oktober: John Cleese, britisk skodespelar
- 16. november: Tor Åge Bringsværd, norsk forfattar
- 30. november: Jon Eikemo, norsk skodespelar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 28. januar: William Butler Yeats, irsk forfattar og nobelprisvinnar
- 4. februar: Edward Sapir, USA-amerikansk språkforskar
- 10. februar: Pave Pius XI
- 2. mars: Howard Carter, britisk arkeolog
- 16. april: Bernhard Hanssen, norsk journalist og politikar
- 14. juli: Alfons Mucha, tjekkisk kunstnar
- 17. juli: Oskar Braaten, norsk forfattar
- 1. august: Regine Normann, norsk forfattar
- 11. september: Konstantin Korovin, russisk målar
- 13. september: Olav Duun, norsk forfattar
- 15. september: Jens Bratlie, norsk statsminister
- 23. september: Sigmund Freud, austerriksk vitskapsmann, «far til psykoanalysa»
- 18. desember: Bruno Liljefors, svensk kunstnar
- 23. desember: Thorvald Erichsen, norsk målar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>