Christian Michelsen
Christian Michelsen | |||
Portrettfotografi av Christian Michelsen frå 1905 | |||
Fødd | Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen 15. mars 1857 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 29. juni 1925 (68 år) | ||
Statsborgar av | Norsk | ||
Parti | Venstre (1884; 1903), Samlingspartiet (1903; 1909), Frisindede Venstre (1909; 1925) | ||
Yrke | Skipsreiar og jurist | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Bergen Katedralskole | ||
Far | Jacob Andreas Michelsen | ||
Medlem | Fedrelandslaget | ||
Verv | Statsminister i Noreg 1905–1907 | ||
Føregangar | Francis Hagerup | ||
Etterfylgjar | Jørgen Løvland | ||
Verv | 1904–1905 | ||
Føregangar | Birger Kildal | ||
Etterfylgjar | Gunnar Knudsen | ||
Verv | Forsvarsminister (fungerande) 1907 | ||
Føregangar | Wilhelm Olssøn | ||
Etterfylgjar | Karl Friederich Griffin Dawes | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1892-1894, 1904-1906 | ||
Alle verv |
|
Christian Michelsen, fullt namn Peter Christian Hersleb Kjerschow Michelsen (fødd 15. mars 1857 i Bergen, død 29. juni 1925 på Gamlehaugen i Fana ved Bergen) var ein norsk politikar i Høgre, Venstre, Samlingspartiet og Frisindede Venstre, statsminister frå 11. mars 1905 til 28. oktober 1907 og skipsreiar.
I to periodar, fyrst for Høgre, seinare for Venstre, var Michelsen borgarmeister i Bergen, før han gjekk inn i rikspolitikken.
Michelsen er særleg kjend for rolla han spela før og under unionsoppløysinga i 1905.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn og familie
[endre | endre wikiteksten]Michelsen var son av børskommissær og stortingsmann Jacob Andreas Michelsen og Caroline Sophie Erastine Kjerschow og var ein del av ein syskjenflokk på fem. Etter examen artium i 1875 flytta han til Kristiania og starta på jusstudiet. Han tok juridisk embetseksamen i 1879. Han etablerte eiga praksis i Bergen, men hadde som mål å bli politikar og økonomisk uavhengig. Michelsen stifta rederiet Chr. Michelsen & Co i 1882, året etter at han gifta seg med Johanne Benedicte Wallendahl (1861–1910).
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Han var norsk statsminister frå 11. mars 1905 til 28. oktober 1907. I 1909 var Christian Michelsen ein av stiftarane til partiet Frisindede Venstre. Før dette representerte Michelsen Samlingspartiet og Venstre. Michelsen er fyrst og fremst kjend for rolla han spela før og under unionsoppløysinga i 1905. Han var i tillegg ein av dei største skipsreiarane i Noreg og mellom pionerane i norsk tankskipsfart. Han testamenterte det meste av den store formuen sin til eit fond som i 1930 gjorde det mogleg å etablera og driva Chr. Michelsens Institutt for Videnskab og Åndsfrihet.
7. juni 1905 vart unionen med Sverige oppløyst i ei undersetning (bisetning). Stortinget vedtok samrøystes at regjeringa fekk mynde til "at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er opløst som føge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge".
Kong Oscar II hadde nekta å godkjenna konsulatlova som Stortinget hadde vedteke. Regjeringa søkte då om å gå av. Kongen nekta å godtaka søknaden av di det «er mig nu klart at nogen anden regjering ikke kan dannes». Michelsen meisla ut ei dristig løysing på unionsproblemet. Unionen måtte oppløysast, med ei formell grunngjeving.
Gamlehaugen
[endre | endre wikiteksten]I 1898 kjøpte Michelsen eigedomen Gamlehaugen, reiv den gamle bygningen og fekk reist den noverande ved arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Etter Michelsens død i 1925 blei Gamlehaugen donert via ei folkegåve til den norske staten og fungerer som kongebustad. Christian Michelsen og kona er gravlagde på Gamlehaugen.
Chr. Michelsens Institutt
[endre | endre wikiteksten]Michelsen var ein rik mann og heile formuen skulle etter arvelova gå til borna Einar og Benny. Han arbeidde for å endre lova slik at det ved store formuar vart mogleg å redusere pliktdelen til livsarvingane til fordel for ålmennyttige føremål. I 1918 vart lova endra og Michelsen testamenterte hovuddelen (5,5 mill. kr. eller 114 mill. kr. etter 2012-kurs) av sin store formue til Chr. Michelsens fond, ei folkegåve oppretta i 1907. Avkastinga skulle gå til oppretting og drift av Chr. Michelsens Institutt for Videnskap og Åndsfrihet. Instituttet skulle «virke for kulturelt eller vitenskapelig arbeid til fremme av fordragelighet i religiøs, sosial, økonomisk og politisk henseende mellom de forskjellige nasjoner og raser». Instituttet vart oppretta i 1930.
Dekorasjonar
[endre | endre wikiteksten]Den 25. november 1905 vart Michelsen utnemnd til storkrossen av St. Olavs Orden og var frå same dato kanslar for dei kongelege norske riddarordener. Då hadde han stige i gradene frå riddar av 1. klasse (1896) over kommandør av 2. klasse (1898) til kommandør av 1. klasse frå 21. januar 1905. Michelsen var òg innehavar av medaljen for borgardåd i gull, 7. juni-medaljen og Kroningsmedaljen 1906.
Han fekk òg ei rad utanlandske dekorasjonar. Han bar storkors av Dannebrogordenen, av Æreslegionen og av Den raude ørnordenen (Preussen), var innehavar av 2. klasse av Sankta Annas orden (Russland), kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen, og var innehavar av Den heilage skatt-ordenen (Japan) og Den dobbelte drakeordenen (Kina).
Anna
[endre | endre wikiteksten]I Bergen vart det i 1938 reist ei 20 meter høg statue av Michelsen. Gustav Vigeland utforma statua. Statua står ved Festplassen. Festplassen er mellom anna sentrum for 17. mai feiringa i Bergen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Christian Michelsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Hvem er Hvem?/1912, side 178
- Christian Michelsen frå Norsk biografisk leksikon
- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, samt tillæg. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø samt tillæg digital utgåve side 596-597
- O. Delphin Amundsen: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, Grøndahl & Søns Forlag 1947, side 17
- SSBs omrekningskalkulator
- Nationalgaven til Chr. Michelsen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1857
- Døde i 1925
- Norske statsministrar
- Norske finansministrar
- Norske revisjonsministrar
- Regjeringa Michelsen
- Statsrådar i Regjeringa Michelsen
- Venstrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Hagerup II
- Norske statsrådar 1884-1905
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar for Bergen
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Samlingspartiet
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1904-1906
- Frisinnede Venstre-politikarar
- Ordførarar i Bergen
- Høgreordførarar i Hordaland
- Venstreordførarar i Hordaland
- St. Olavs Orden
- Medaljen for borgardåd
- Dannebrogordenen
- Nordstjerneordenen
- Æreslegionen
- Sankta Annas orden
- Folk frå Bergen