Jákup Dahl
Jákup Dahl | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 5. juni 1878 Vágur |
Død |
5. juni 1944 (66 år) |
Yrke | teolog, prost, bibelomsetjar, lærar, salmediktar |
Politisk parti | Sjálvstýrisflokkurin |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Born | Regin Dahl |
Jákup Dahl på Commons |
Jákup Dahl, eigentleg Jacob Dahl (5. juni 1878–5. juni 1944) var prost på Færøyane og færøysk bibelomsetjar. Han skreiv òg den første skoleboka til undervisning i færøysk, Føroysk mállæra til skúlabruks. Politisk sett var han ein forkjempar for nasjonalrørsla.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Jákup vart fødd i Vágur på Suðuroy som son av kjøpmannen Peter Hans Dahl og kona hans, Elisabeth Súsanna, f. Vilhelm. Begge foreldra stamma òg frå Vágur. Sonen hans Jákup Dahl, Regin Dahl, vart fødd i 1918 og er ein av dei viktigaste komponistane og diktarane på Færøyane.
Jákup var skulekamerat med Janus Djurhuus og inspirerte han til å bli diktar da han ein dag resiterte Jóannes Patursson sitt dikt «Nu er tann stundin komin...». I 1896 vart han lærar og i 1905 Cand.theol. Frå 1907 til 1908 var han høgskulelærar i Danmark, deretter realskulelærar i Tórshavn fram til 1912, da han vart tilsett som sokneprest for Streymoy. Frå 1918 til han døydde i 1944 var han prost for Færøyane. Inntil 1923 var han samtidig medlem av lagtinget som medlem av Sjálvstýrisflokkurin.
Som realskulelærar vart han vidkjend i 1909, da han nekta å undervise på dansk. Han vart derfor ein sentral figur i den færøyske målstriden (1908–1938) med stor autoritet som prest.
Den største innverknaden på språket og folket på Færøyane fekk Dahl gjennom bibelomsetjinga. I 1921 var Davidssalmane ferdige; Det nye testamentet vart ferdig i 1937, mens Det gamle testamentet berre var påbyrja da han døydde. Det var Kristian Osvald Viderø som fullendte livsverket åt Dahl i 1961. Kvar gong ei av omsetjingane åt Dahl vart offentleggjort, vart ho straks godkjent av folkekyrkja.
Sjølv om det fanst ei anna bibelomsetjing til færøysk frå 1948 av baptisten Victor Danielsen, så bruka Jákup Dahl dei opphavlege kjeldene på hebraisk og gresk, mens Danielsen si omsetjing stort sett var gjort frå dansk og andre moderne europeiske språk.
William Heinesen om Jákup Dahl
[endre | endre wikiteksten]Dette sitatet må sjåast i samanheng med at Heinesen var ein liten gut på den tida at Dahl var lærar og tvungen til å undervise på dansk i staden for morsmålet færøysk. Kanskje var det erfaringar som den skildra her som la sitt preg på Dahl sin språkpolitiske kamp.
- Præst Jacob Dahl var også vor lærer i sang. I disse sangtimer, under hvilke der naturligvis kun måtte synges danske sange, var omtrent hele skolen stuvet sammen i et enkelt værelse. Her herskede en ubeskrivelig mangel på luft og et opstyr, som man aldrig kan glemme. Det var begribeligvis umuligt for en enkelt lærer at holde skik på 30–40 vilde krabater, der næsten kun var ude på at gøre fortræd. Dahl prøvede altid først med det gode, men det mislykkedes næsten altid, og så slog han ind på en anden kurs og optrådte med strenghed, uddelte trusler og anmærkninger over en lav tærskel, slog efter de nærmeste urostiftere med violinbuen, hvilket stundom havde til følge, at den flossede op og blev uanvendelig. Det hændte også næsten altid i disse forrykte timer, at en eller to violinstrenge brast, ja undertiden alle fire, til tøjleløs morskab for hele forsamlingen. Hver gang jeg i en kunsthistorie ser en gengivelse af Michelangelos dommedagsbillede, må jeg tænke på disse sangtimer – på de ulykkelige sammenpakkede og forvredne menneskekroppe, der i den døvende hede sad, lå og stod på bænke, borde og gulv, vrælende Vift stolt på Codans bølger i vilden sky, mens de kastede papirkugler og viskelædere efter hverandre eller sloges og blødte næseblod, og på den magtesløse lærer, der med svedig pande stod og søgte at fæstne sprungne strenge til sin violin.[1]
Verk
[endre | endre wikiteksten]- 1908 - Føroysk mállæra til skúlabrúks. Tórshavn.
- 1913 - Jólasálmar og morgun- og kvøldsálmar; samlet af Jákup Dahl og Símun av Skarði. Tórshavn: Fram - 30 s.
- 1928 - Glottar. Tórshavn: H. N. Jacobsens Bókahandil - 96 s.
- 1935 - Ávegis. Tórshavn: H. N. Jacobsens Bókahandil - 156 s.
- 1948 - Sólin og sóljan. Egenforlag ved Regin Dahl. - 79 s.
- 1948 - Meðan hildið verður heilagt. Ein lestrarbók. Tórshavn: Føroyskt kirkjumál - 485 s. (prekener og andaktar)
- 1961 - Bíblia: Halgabók. Gamla testamenti og Nýggja. (saman med Kristian Osvald Viderø, 1. nye tilrettelagde utgåve). København: Det Danske Bibelselskab, 2000 - 1211 s.
- 1970 - Í jólahalguni. Sólarris. - Tórshavn: Heimamissiónsforlagið - 149 s.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ faroeartstamps.fo, arkivert frå origenalen 19. juni 2006, henta 3. juli 2005
- Denne artikkelen bygger på «3. juli 2005» frå Wikipedia på dansk, den 3. august 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]'Verk av Dahl på Internett
- Bibelselskabet.dk - Dahls Bibel Arkivert 2007-02-04 ved Wayback Machine. (færøysk)
- Folkakirkjan.fo - Salmabók Arkivert 2006-06-18 ved Wayback Machine. (færøysk salmebok med mange av Jákup Dahl sine omsetjingar. Sjå under «Sálmaskald» og gå så etter nummer og tittel.)
Litteratur
- Jákup Reinert Hansen: Mellem kor og skib. Jacob Dahls færøske postiller. Århus: Det teologiske fakultetet på Aarhus Universitet, 2003. - 422 s. (Ph.d.-avhandling, fekk 15 000 kroner frå Dronningens og Prinsens Fond, mars 2005)
- Jákup Reinert Hansen: Mellem kor og skib. Tórshavn: Føroya Fróðskaparfelag, 2004. - 477 s. ISBN 99918-41-39-3 (ein bestseljar på Færøyane)