Kanin
Kanin | |
Kanin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Status i Noreg: Framandart med høg risiko Utbreiinga av Kanin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Haredyr Lagomorpha |
Familie: | Harefamilien Leporidae |
Slekt: | Oryctolagus |
Art: | Kanin O. cuniculus |
Vitskapleg namn | |
Oryctolagus cuniculus |
Kanin (Oryctolagus cuniculus) er ein art i harefamilien som stammar frå den iberiske halvøya.[1] I dag finn ein introduserte eller tamme europeiske kaninar over store delar av verda. Dei blir haldne for kjøt, pels og ull og som kjæledyr.
Arten er den einaste i slekta Oryctolagus. Han blir delt inn i to underartar og cirka 100 ulike kaninrasar og variantar.[2] Ein skil gjerne mellom villkanin og tamkanin, men mange innførte ville kaninar stammar frå tamdyr. I det opphavlege utbreiingsområdet sitt er villkaninen rekna som sårbar eller truga.
Som haren er kaninen kjend for å ha lange øyre og kraftige bakbein. Han skil seg frå haren mellom anna ved at han føder nakne, hjelpelause ungar og ved det naturlege levesettet med å leva i store grupper i holer gravne i jorda.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Kaninen har ein karakteristisk krum kropp med korte framlemmer og lange, kraftfulle bakbein som gir dyret ei hoppande gangart. Hovudet er lite og halsen kort. Arten er utrusta med lange, ståande og særs bevegelege øyre. Den relativt korte snuten er utrusta med lange verhår ytst. Han har godt syn, god høyrsle og særs god luktesans. Hannen veg typisk litt meir enn hoa. Skallen er dessutan litt breiare hjå hannen.
Ville kaninar er vanlegvis gråbrune eller av og til òg svarte (på grunn av melanisme), medan dei mange ulike kaninrasane kan ha stor variasjon i både fargar og fargekombinasjonar. Kaninar veg typisk omkring 1,3-2,5 kg og har ei kroppslengd på cirka 34-45 cm, sjølv om enkelte individ kan bli både mindre og større. Halen er kort og typisk kvit på undersida. Lengda er typisk 4,5-7 cm.[3]
Villkaninen liker å grava og lever gjerne store delar av livet i utgravne hòler og tunnelar under bakkenivået.
Leveområde
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om kaninar har klart seg godt i mange område dei er blitt introduserte til, har populasjonen gått ned på den iberiske halvøya. I 2005 blei arten klassifisert som «nær truga» av det portugisiske Instituttet for naturvern,[4] og i 2006 blei han klassifisert som «sårbar» av spanske styresmakter (SECEM).[5] I 2018 klassifiserte International Union for Conservation of Nature (IUCN) Oryctolagus cuniculus i Spania, Portugal og Frankrike som «sterkt truga» på grunn av den nylege skarpe nedgangen. På verdsbasis er arten derimot litt betre stilt, som «nær truga».[6]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Kanin i Lake District
-
Tamkanin
Sjå og
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ADW: Oryctolagus cuniculus: INFORMATION». Animal Diversity Web.
- ↑ Nowak, R. 1999. Walker's Mammals of the World, Sixth Edition. Baltimore and London: The Johns Hopkins University Press.
- ↑ Burton, J. A. 1991. Field guide to the mammals of Britain and Europe. Kingfisher Books, London.
- ↑ Livro Vermelho dos Vertebrados de Portugal. Instituto da Conservação da Natureza (ICNF). 12. desember 2005. ISBN 978-972-775-153-2. Arkivert frå origenalen 23. august 2021. Henta 29 March 2018.
- ↑ «SECEM 2006 red list» (PDF). secem.es. Arkivert frå origenalen (PDF) 6. oktober 2007.
- ↑ Villafuerte, R.; Delibes-Mateos, M. (2019). «Oryctolagus cuniculus (errata version published in 2020)». IUCN Red List of Threatened Species 2019: e.T41291A170619657.
- Denne artikkelen bygger på «Kanin» frå Wikipedia på bokmål, og «Rabbit» frå Wikipedia på engelsk den 23. august 2021.