LKAB
LKAB | |||
| |||
Org.form | Aktiebolag | ||
---|---|---|---|
Svensk orgnr. | 556001-5835 | ||
Bransje | Gruvedrift | ||
Skipa | 1890 | ||
Eigar | den svenske regjeringa | ||
Dotterselskap | LKAB Malmtrafik | ||
Hovudkontor | Luleå | ||
Land | Sverige | ||
Produkt | Jernmalm | ||
Nettstad | http://www.lkab.com/ |
LKAB (Luossavaara-Kiirunavaara Aktiebolag) er eit svensk gruvedriftselskap som bryt jernmalm i Kiruna og Malmberget. Hovudkontoret ligg i Luleå.
Selskapet er heileigd av den svenske staten. Det blei skipa i 1890 som eit privat selskap.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Den første kjende malmførekomsten kan daterast tilbake til 1660-talet. Mange forstod at det låg store rikdommar i fjella, men det var store vanskar ved å nyttiggjera seg malmen, ikkje minst å transportera han til næraste hamn. I 1888 blei Malmbanan bygd mellom Luleå og Kiruna. LKAB blei stifta i 1890. Mesteparten av jernmalmen blei, og blir framleis, transportert med tog til Narvik i Noreg, og skipa derfra ut til land over heile verda.
LKAB var opphavleg eit privat selskap, noko som førte til heftig debatt i Den svenske riksdagen om staten skulle overta eller ikkje. Mange meinte at staten burde overta til «rikets beste». Denne meininga stod også militæret for, ettersom ein der frykta kva som kunne skje om utanlandske eigarar la beslag på svenske naturressursar. LKAB blei til slutt, i 1907, eit selskap der staten eigde halvparten, med opsjon på å overta resten etter 50 år. Dette skjedde i 1957, då selskapet blei helstatleg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «LKAB» frå Wikipedia på bokmål, den 7. august 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- LKAB i Store Norske Leksikon