Loppa
Utsjånad
Loppa Lokalt namn Láhppi | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Lopphavet |
Koordinatar | 70°21′08″N 21°25′34″E / 70.35222°N 21.42611°E
|
Areal | 12 km²
|
Høgaste punkt | Rektind (289 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Finnmark
|
Loppa (nordsamisk Láhppi) er ei øy i Loppa kommune, vest i Finnmark, på 70. breiddegrad nord. Øya ligg i vest i kommunen, ved Lopphavet, vest for øya Silda. Loppa har eit areal på 12 km², og det høgaste punktet på øya er Rektind på 289 moh.
Øya Loppa var tidlegare senter i kommunen og eit viktig fiskevær. Sør på øya ligg Loppa kyrkje frå 1953. I dag er det berre nokre få fastbuande att på øya.
På øya finst eit sjøfuglreservat som vart oppretta i 1983.
Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.