Ruhr
Ruhr | |||
elv | |||
Ruhr i Essen-Kettwig
| |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 4 485 km² | ||
Lengd | 217 km | ||
Middelvassføring | 79 m³/s | ||
Kjelde | Sauerland | ||
• høgd | 674 moh. | ||
Munning | Rhinen | ||
Ruhr 51°12′49″N 8°33′30″E / 51.213611111111°N 8.5583333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ruhr |
Ruhr er ei elv i Ruhrområdet i Nordrhein-Westfalen, vest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 217 km. Det nærliggande industriområdet er kalla opp etter elva.
Ruhr har utspring i ei høgd på 674 meter over havet nær byen Winterberg i fjellområdet Sauerland, og munnar ut i Rhinen i ei høgd på berre 19 meter nær Duisburg. Ved Mülheim, nær munningen, har elva ei middelvassføring på 79 m³/s.
Elva vert nytta til drikkevatn og har god vasskvalitet, noko som er ironisk sidan ordet «ruhr» på tysk tyder dysenteri. Elvebreidda vert stort sett nytta til fritidsaktivitetar.
Byar
[endre | endre wikiteksten]Ruhr renn først gjennom byane Meschede, Arnsberg, Wickede, Fröndenberg, Holzwickede, Iserlohn og Schwerte.
Så markerer elva den sørlege grensa til Ruhrområdet, og renn gjennom Hagen, Dortmund, Herdecke, Wetter, Witten, Bochum, Hattingen, Essen, Mülheim og Duisburg.
Innsjøar
[endre | endre wikiteksten]Det er fem reservoar på elva, som ofte vert nytta til fritidsaktivitetar.
- Hengsteysee mellom Dortmund og Hagen. Overflateareal: 1,36 km². Høgd på demning: 4,5 m
- Harkortsee mellom Hagen Herdecke og Wetter. Overflateareal: 1,37 km². Høgd på demning: 7,8 m
- Kemnader See mellom Witten og Bochum. Overflateareal: 1,25 km². Høgd på demning: 2 m
- Baldeneysee i Essen-Werden. Overflateareal: 2,64 km². Høgd på demning: 8,5 m
- Kettwiger See i Essen-Kettwig. Overflateareal: 0,55 km². Høgd på demning: 6 m.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ruhr frå Engelsk Wikipedia .