Content-Length: 59925 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Tom_McKean

Tom McKean – Wikipedia Hopp til innhald

Tom McKean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom McKean
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. oktober 1963 (60 år)
Bellshill
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Tom McKean (fødd 27. oktober 1963) er ein skotsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Bellshill. Han vart europameister på 800 meter i 1990.

McKean spesialiserte seg på 800-meteren. Under EM i friidrett 1986 sette han personleg rekord på distansen med tida 1.44,61 og tok sølvmedaljen. Saman med vinnaren Sebastian Coe og bronsemedaljør Steve Cram syrgde han for britisk storeslem. Året etter i Roma-VM dulta han borti ein konkurrent og enda på åttande- og sisteplass i 800-meterfinalen. På tampen av 1987 forbetra han sitt personbeste til 1.44,45 i Lausanne. Han makta ikkje ta seg til finalen på 800 m i Sommar-OL 1988. Sommaren 1989 sprang livsbeste 1,43,88 i eit stemne i London. På tampen av august 1990 vann McKean ein suveren siger på 800 meter då europmeisterskapen vart avvikla i Split i dåverande Jugoslavia. Han vart slått ut i semifinalane både under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo og under Sommar-OL 1992 i Barcelona. Han la opp i 1994.









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Tom_McKean

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy