Content-Length: 122755 | pFad | https://nn.wikipedia.org/wiki/M%C3%A5lf%C3%B8re

Målføre – Wikipedia Hopp til innhald

Målføre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Målføre eller dialektar er talemålsvariantar av eit språk, variantar som finst i geografisk åtskilde område, til skilnad frå sosiolektane, som er variantar mellom ulike sosiale grupper, og standardspråk, som ofte kan vere definert som ikkje-stadeige språk.

Det er ikkje noko absolutt og objektivt skilje mellom ein dialekt og eit språk, politiske tilhøve avgjer ofte om ein dialekt eller ei dialektgruppe blir forfremja til eige språk eller eit språk redusert til dialekt av eit nærskyldt språk. Dei skandinaviske språka er typiske døme på at målføre som er svært like, blir skilde ut som ulike språk. Kinesisk er eit døme på det motsette, der svært ulike dialektar som ikkje er innbyrdes forståelege, likevel vert kalla eitt språk.

Det er viktig å skilje mellom omgrepa målføre og målform. Noreg har mange dialektar, men norsk har berre to offisielle målformer, bokmål og nynorsk.

Skiljelinjer innan språksamfunn

[endre | endre wikiteksten]

Dialektar skil seg på fleire område; i formverk (morfologi), lydverk (fonologi) og i vokabular. Døme frå norsk språk skildrar dette og det finst parallellar i språk verda over:

Grammatiske ulikskapar

[endre | endre wikiteksten]

Dialektane kan plasserast inn ulike grammatiske kategoriar. I norsk er det for eksempel kjent at bergensk ikkje har hokjønn, som i andre norske dialektar og i tillegg til dei to offisielle målformene nynorsk og bokmål. Nokre få dialektar i Noreg skil mellom nominativ og dativ i substantiv, noko som ein ikkje finn i dei offisielle målformene. Å hogge av endingar, apokope, er eit anna døme på målmerke.

Fonetiske skilnader

[endre | endre wikiteksten]

Lydar og tonefall i språket kan tene som målmerke. Eksempelvis finst den såkalla tjukke l-en på Austlandet, i Trøndelag og i delar av Møre og Romsdal og Nordland. Palatalisering, slik som «hainnhuinn i bainn» er utbreidd frå nord på Austlandet og nordover. Tonefallet i språket er ofte også distinkt; medan nordlendingar avsluttar berre spørsmål med ein høgare tone, fullfører austlendingane ein vanleg frase med ein høgare tone også.

Ordforrådet kan også variere.

  • Eit fenomen eller eit objekt kan skildrast med heilt ulike termar. Eit døme er det midt- og nordnorske ordet tua/tuå/tue, som tyder klut.
  • Eit ord kan vere ein variasjon av det same ordet, slik som ordet ask, som tyder eske på Toten og innlandet.








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/M%C3%A5lf%C3%B8re

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy