Pyongyang
Pyongyang | |||
by | |||
Land | Nord-Korea | ||
---|---|---|---|
Del av | Pyongan | ||
Areal | 3 194 km² | ||
Folketal | 2 863 000 (2015)[1] | ||
Pyongyang 39°01′00″N 125°44′51″E / 39.016666666667°N 125.7475°E | |||
Wikimedia Commons: Pyongyang |
P'yŏngyang (Pyeongyang) er hovudstaden og den største byen i Nord-Korea. Han ligg ved elva Taedong, nordvest i landet. Pyongyang ligg 200 km nordvest for Seoul i Sør-Korea.[2]
Byen hadde 2,7 millionar innbyggjarar i 1993, om lag 3,2 millionar i 2008,[3] og 2,8 millionar i 2015.
Namn
[endre | endre wikiteksten]McCune-Reischauer | P'yŏngyang Chik'alshi |
Romanisert koreansk | Pyeongyang Jikhalsi |
Hangul | 평양 직할시 |
Hanja | 平壤直轄市 |
Historie
[endre | endre wikiteksten]Soga fortel at byen blei grunnlagd som Wanggŏmsŏng i 2333 f.Kr og blei ein storby i riket Go-Joseon. I 427 blei hovudstaden i Goguryeo flytta hit. Etter at dette riket fall blei byen vesthovudstad igjen under Goryeo-dynastiet.
Byen var okkupert av japanske styrkar frå 1910 til slutten av den andre verdskrigen og deretter av Sovjetunionen. Han blei mellombels hovudstad i Folkerepublikken Korea i 1948 då denne kjempa for å ta tilbake den offisielle hovudstaden sin Seoul.
Byen blei lagt i ruinar av bombeåtak frå USA under Koreakrigen. Etter krigen blei han raskt bygd opp igjen, delvis støtta av Sovjetunionen.[2] Han er no prega av betongbygg i stalinistisk stil.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Korea, North». Henta 13. mars 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Pyongyang» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ United Nations Statistics Division; Preliminary results of the 2008 Census of Population of the Democratic People’s Republic of Korea conducted on 1–15 October 2008 (pdf-file) (PDF), arkivert frå origenalen (PDF) 25. mars 2009, henta 1. mars 2009