Content-Length: 69037 | pFad | http://nn.wikipedia.org/wiki/Furlong

Furlong – Wikipedia Hopp til innhald

Furlong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Furlong er ei eldre måleining for lengd som vart brukt i engelsktalende land. Ein furlong er lik ein åttandedels mile eller 220 yards. Eininga er no stort sett gått ut av bruk, utanom innanfor hesteløp, der han enno er i bruk i Storbritannia, Irland, Canada og USA.

Bruken av furlong går tilbake til 800-talet og kanskje tidlegare. Ein furlong var opphavleg lengda av ei plogfure (gammalengelsk: furh) på ein åker. Flatemålet «acre» vart definert som eit rektangel med lengd på 1 furlong og breidd på 1 chain (22 yards).

Fem furlong tilsvarar omtrent ein kilometer. Samanlikning med andre måleiningar:

1 furlong = 10 chain = 220 yard = 660 fot = 7 920 tomme = 201,168 meter.

1 engelsk mil = 8 furlong = 80 chain = 320 rod = 8 000 link.









ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: http://nn.wikipedia.org/wiki/Furlong

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy