Hopp til innhald

1G

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

1G syner til 1. generasjon mobiltelefonnettverk, som var eit analogt system. I Norden nytta ein nettverket NMT.

Det første kommersielle automatiserte mobiltelefonnettverket blei opna i Tokyo i Japan i 1979 av Nippon Telegraph and Telephone (NTT). I løpet av fem år hadde nettverket blitt utvida til å dekkja heile Japan. Det blei dermed det første nasjonale nettverket for mobil.

I 1981 blei nordisk mobiltelefonsystem (NMT) opna i heile Norden samtidig. Dette blei dermed det første internasjonale nettverket for mobil. Med tida blei NMT mest utbreidd i Europa, medan Advanced Mobile Phone System (AMPS) blei utbreidd i Amerika.[1]

Fordelane med å bruka digital teknologi førte til at 1G-nettverka etterkvart blei erstatta av 2G. Mange 1G-netverk blei avvikla tidleg på 2000-talet, men nokre stader blei dei verande i drift inn på 2010-talet.

  1. «Chapter 3 - Technology». Wireless Communications in Developing Counties (PDF). s. 19Mal:Endash32. 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy