Hopp til innhald

Aksje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein aksje eller lut er ein eigardel i eit aksjeselskap. Ein person som eig aksjar i eit selskap (og dermed altså er medeigar i det) er ein aksjonær i selskapet.

Ein grunn til at (eigarane av) aksjeselskap kan ønskje å tilby aksjar, er at dette kan vera ein billegare/enklare måte for aksjeselskapa å skaffe kapital på enn via lån. Ei ulempe er at eigardelen til dei eksisterande aksjonærane blir mindre, om dei ikkje sjølv kjøper nye aksjar for å oppretthalde eigardelen. Dersom eigardelen blir redusert, mistar dei noko av kontrollen i selskapet.

Når eit selskap tilbyr nye aksjar, blir det kalla ein emisjon. Det er berre ved emisjonar at eit selskap får inn pengar frå aksjar, når dei blir omsett (sjå nedanfor), flyttar det seg pengar berre mellom kjøparen og seljaren av aksjane. Pengane selskapet får inn frå emisjonane, går inn i eigenkapitalen som aksjekapital og eventuelt overkursfond.

Kvar aksje gjev lik røysterett i generalforsamlinga med unnatak av i dei selskapa der aksjane er delt inn i ein A- og ein B-klasse. Der er det berre A-aksjane som gjev røysterett.

Kvar aksje gjev òg lik rett til eventuelt aksjeutbytte. I denne samanhengen blir det ikkje skilt mellom aksjeklassar.

Ein aksje kan omsetjast, altså kjøpast og seljast. Dette kan gjerast direkte mellom to partar eller via ein børs som Oslo Børs. Berre aksjane til selskap som er tekne opp til notering på børsen, kan omsetjast via børsen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy