Hopp til innhald

Alberto García

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alberto García


Statsborgarskap Spania
Fødd 22. februar 1971 (53 år)
Madrid
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000

Alberto García Fernández (fødd 22. februar 1971) er ein spansk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Madrid. Han vart i 2002 europameister på 5 000 meter.

García deltok i Sydney-OL 2000 på 5 000 meter, utan å ta seg vidare frå forsøket. Sommaren 2001 fekk han notert livsbeste 13.02,5 i eit stemne i Roma, og nokre veker seinare vart han nummer 4 på distansen under verdsmeisterskapen i Edmonton. Våren 2002 vann han 3 000-meteren ved hall-EM i Wien. Seinsommaren same året sprang i mål til gullmedalje på 5 000 meter ved europameisterskapen i München. I hall-VM 2003 enda han på andreplass på 3 000 meter. Like etter vart han utestengt i 2 år for bruk av dopingmidlar.

Han var tilbake på friidrettsbana i 2005. Korkje ved Friidretts-VM 2005, ei heller Sommar-OL 2008 makta han ta seg vidare frå forsøka. Derimot tok han ein individuell sølvmedalje i Terrengløps-EM 2005 i Tilburg, og han var med i det spanske mannskapet som tok gull i Terrengløps-EM 2007 i spanske Toro.

29. mars 2003 testa García positivt på bruk av Erytropoietin og vart dømd til 2 års utestenging frå idretten.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy