Hopp til innhald

Alfred Radcliffe-Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Radcliffe-Brown

Fødd17. januar 1881
Birmingham
Død24. oktober 1955
London
NasjonalitetStorbritannia
Områdekulturantropologi
Yrkeantropolog, sosiolog
InstitusjonarUniversitetet i Cape Town
University of Sydney
University of Chicago
University of Oxford
Alma materTrinity College i Cambridge
King Edward's School
University of Cambridge
MedlemKoninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Alfred Reginald Radcliffe-Brown (17. januar 188124. oktober 1955) var ein britisk sosialantropolog som var verksam ved universiteta i Cape Town, Sydney, Oxford og Chicago.

Radcliffe-Brown grunnla den «britiske skulen» i antropologien. Han utførte i 1908 etnografisk feltarbeid på Andamanane, men hans viktigaste innverknad på faget kjem frå hans arbeid som teoretikar. Han var sterkt inspirert av Émile Durkheim og vart den fremste pioneren for den såkalla strukturfunksjonalistiske retninga innom antropologien. Dei viktigaste teoretiske artiklane hans er samla i boka Structure and Function in Primitive Society frå 1952. Der utvikla han funksjonalismen som system og la fram læra om korleis samfunn er integrert, og korleis samfunnsinstitusjonar i samspel forsterkar kvarandre og bidreg til at samfunnet vert vidareført.

Sine vitskaplege ideal henta han frå naturvitskapen. Han hyste forventningar om å kunne utvikle «allmenne samfunnslover», lover som i presisjon kunne jamførast med lovene innanfor fysikken og kjemien.

Radcliffe-Browns naturvitskapleg inspirerte program har i ettertid vorte forlate av dei fleste antropologar, noko som òg gjeld strukturfunksjonalismen i reinodla form. Men mange av dei problemstillingar som dagens antropologar stiller seg, særskilt i Europa, vart opphavleg stilt av Radcliffe-Brown.

Han vert ofte kritisert for ikkje å ha oppfatta historisk endring i dei samfunna han studerte, i særleg grad slike forandringar som fylgde av kolonialismen. Likevel vert han saman med Bronislaw Malinowski rekna som ein av fedrane til den moderne sosialantropologien.

Ingen av verka til Radcliffe-Brown har vore omsett til norsk. Thomas Hylland Eriksen presenterte dei viktigaste teoriane hans i læreboka Små steder - store spørsmål: innføring i sosialantropologi, ei bok som har kome i fleire utgåver etter ho fyrst vart utgjeven i 1998.

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • The Andaman Islanders, 1922
  • The Social Organization of Australian Tribes, 1931
  • On Joking Relationships, 1940
  • African Systems of Kinship and Marriage (Med Daryll Forde), 1950
  • Structure and Function in Primitive Society, 1952
  • A Natural Science of Society, 1957

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Eriksen, Thomas Hylland, Små steder - store spørsmål : innføring i sosialantropologi, 1998.
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy