Hopp til innhald

Arkadij og Boris Strugatskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arkadij (født 28. august 1925, død 12. oktober 1991) og Boris Natanovitsj Strugatskij (fødd 14. april 1933, død 19. november 2012) var to russiske brør som mange rekna som dei beste sovjetiske sciencefictionforfattarane nokon sinne.[1]

Arkadij Strugatskij (Арка́дий Струга́цкий) var filolog og ekspert i engelsk og japansk. Den yngre broren hans Boris Strugatskij (Бори́с Струга́цкий) var astronom. Brørne byrja som utopiske optimistar på 1950-talet, og dei skreiv naive skildringar av den lyse sovjetiske framtida. Seinare slo dei over i ein stadig meir samfunnskritisk og satirisk retning.[2]

I Vesten er dei best kjende for romanen Piknik ved veikanten (utgjeve på norsk i 1984, originaltittel Пикник на обочине, saman med to noveller i samlinga Kontakt med verdensrommet), som la grunnlag for Andrej Tarkovskij-filmen Stalker. Strugatskij-brørne skreiv manuskript til filmen.

Piknik ved veikanten, som i forma er ei blanding av ei historie om eit besøk frå verdsrommet og ein kriminalthriller, har vore tolka både som ei skildring av sona rundt den sovjetiske atomkatastrofen i Ural og som ei meir allmenn skildring av sovjetisk underverd, svartebørs, og så vidare.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. The Encyclopedia of Science Fiction om brødrene Strugatskij
  2. Ezra Glinter: «(Give Me That) Old-Time Socialist Utopia» i The Paris Review 11. mai 2015
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy