Hopp til innhald

Asafa Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asafa Powell


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 23. november 1982 (42 år)
Spanish Town
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006
Utmerkingar Bislett-medaljen, kommandør av Utmerkelsesordenen

Asafa Powell (fødd 23. november 1982) er en jamaicansk sprintar som spesialiserer seg på 100 meter. Hans personlege rekord på distansen er på 9,72, og han har sprunge 200 meter på 19,90.

Asafa Powell har delteke i fleire OL og internasjonale verdsmeisterskap, men har aldri greidd å nå heilt opp til individuelt gull. Hans beste resultat på 100 meter er bronse under VM i friidrett 2007 i Osaka og ny bronse under VM i friidrett 2009 i Berlin.

Derimot har Powell vore med på å bli olympisk meister for Jamaica på 4 x 100 meter stafett. Det skjedde under sommar-OL 2008 i Beijing, då stafettlaget med Nesta Carter, Michael Frater, Usain Bolt og Powell sette ny verdsrekord. Asafa Powell var også med på det jamaicanske stafettlaget då dei tok gull under VM i friidrett 2009. Verdsrekorden vart slått av det same jamaicanske laget under VM i friidrett 2011 i Daegu, med Yohan Blake som erstatning for Powell.[1]

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy