Bøkeslekta
Bøkeslekta | |
Bøkeskog | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Fagaceae |
Underfamilie: | Fagoideae |
Slekt: | Bøkeslekta Fagus L., 1753 |
Bøkeslekta (Fagus) er ei planteslekt av lauvtre i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire former av bøk brukt i parkar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.
Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Vanleg bøk kan bli 2–400 år gammal.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.
Namnet på treslaget, «bøk» eller «bok», er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.
Artar
[endre | endre wikiteksten]- Fagus crenata
- Fagus engleriana
- Fagus grandifolia
- Fagus hayatae
- Fagus japonica
- Fagus longipetiolata
- Fagus lucida
- Fagus mexicana
- Fagus orientalis
- Vanleg bøk (Fagus sylvatica)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bøkeslekta» frå Wikipedia på bokmål, og «Beech» frå Wikipedia på engelsk den 27. desember 2005.
- Etymologi
- Oxford English Dictionary
- Alf Torp og Hjalmar Falk: Etymologisk ordbok ovr det norske og det danske sprog (1903–1906, faksimileutgåve 1991 Bokklubben Kunnskap og Kultur)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) bøkeslekta hos Artsdatabanken
- (en) bøkeslekta i Encyclopedia of Life
- (en) bøkeslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) bøkeslekta hos Dyntaxa
- (en) bøkeslekta hos Fossilworks
- (en) bøkeslekta hos ITIS
- (en) bøkeslekta hos NCBI
- (en) bøkeslekta hos The International Plant Names Index
- (en) bøkeslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Fagus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Fagus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons