Hopp til innhald

Bila Tserkva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bila Tserkva
by
Orgelhallen i Bila Tserkva.
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Kiev oblast
Rajon Bila Tserkva bykommune
Koordinatar 49°47′56″N 30°06′55″E / 49.79889°N 30.11528°E / 49.79889; 30.11528
Areal 34 km²
Folketal 208 000  (2008)
Folketettleik 6 118 / km²
Grunnlagd 1032
 •  Magdeburgrettar 1589
Borgarmeister Vasyl Savtsjuk
Postnummer 09100-09117
Retningsnummer +380 4563
Kart
Bila Tserkva
49°47′44″N 30°07′00″E / 49.795555555556°N 30.116666666667°E / 49.795555555556; 30.116666666667
Kart som viser Bila Tserkva.
Kart som viser Bila Tserkva.
Kart som viser Bila Tserkva.
Wikimedia Commons: Bila Tserkva
Nettstad: http://www.bilat_serkva.info/

Bila Tserkva (ukrainsk Бiла Церква, polsk Biała Cerkiew, russisk Белая Церковь, tyder Kvit kyrkje) er ein by ved elva Ros i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina, kring 80 km sør for hovudstaden Kiev. Byen har litt over 200 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagd i 1032 som Jurijev av Jaroslav den vise, som hadde førenamnet Jurij. Frå 1363 høyrte byen til Storhertugdømet Litauen og frå 1569 til Det polsk-litauiske samveldet. Byen fekk Magdeburgrettar i 1620 av Sigismund III Vasa.

Ein fredsavtale mellom Det polsk-litauiske samveldet og ukrainsk kosakkar under Bohdan Khmelnytskyj vart signert her i 1651.[1]

Frå andre halvdel av 1700-talet vart Bila Tserkva eigedomen til Branicki-familien. Franciszek Ksawery Branicki, den polske storhetmanen, bygde byresidensen sin her - eit vinterpalass mog ein landleg residens med parken Aleksandria, kalla opp etter kona. Bila Tserkva vart annektert til Det russiske imperiet som følgje av den andre delinga av Polen i 1793. I sovjettida vart Bila Tserkva eint stort industrisenter.

  1. Paul Robert Magocsi, A history of Ukraina, universitet of Toronto Press, 1996, p. 205

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy