Hopp til innhald

Blue Stack-fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blue Stack-fjella
Land  Irland
Region Ulster
Kart
Blue Stack-fjella
54°45′27″N 7°58′17″W / 54.7575°N 7.9713888888889°W / 54.7575; -7.9713888888889
Wikimedia Commons: Blue Stack Mountains

Blue Stack-fjella (engelsk Blue Stack Mountains[1] eller Bluestack Mountains), også kalla Croaghgorms (irsk na Cruacha Gorma, 'dei blå haugane') er den største fjelllkjeda sør i County DonegalIrland. Dei dannar eit skilje mellom sørdelen av fylket, som Donegal Town og Ballyshannon, og byane i nord og vest som Dungloe og Letterkenny. Vegen mellom desse to fylkesdelane går gjennom Barnesmore Gap.

Det høgaste fjellet i kjeda er Croaghgorm på 674 meter. Toppar i nærleiken er Ardnageer (642 m), Croaghanirwore (548 m), Croaghbarnes (499 m), Croaghblane (641 m), Croaghnageer (571 m), Croveenananta (476 m), Gaugin Mountain (565 m), Lacroagh (403 m), Lavagh More (671 m) og Lavagh Beg (650 m).[2] Silver Hill på 600 m er det minste fjellet på dei britiske øyane til å nå opp til kravet for fjell frå Simms-klassifiseringa, på 600 meter.

  1. Blue Stack Mountains Placenames Database of Ireland. Retrieved: 2013-03-19
  2. Croaghgorm MountainViews. Retrieved: 2013-03-19.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Blue Stack-fjella
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy