Hopp til innhald

Borgarleg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ordet borgarleg har på norsk to heilt ulike tydingar, som i opphavsspråket fransk er klart skilde med to ulike ord.

Den eine tydinga er samfunnsmedlem, på fransk citoyen/citoyenne. Me kjenner igjen uttrykket i det å vera borgar i ein by eller å vera statsborgar i eit land.

Ordet borgarleg i tydinga for (alle) statsborgarar eller samfunnsmedlemer blir blant anna bruka i uttrykka «å gifta seg borgarleg» eller tidlegare «Borgarleg konfirmasjon», då i motsetning til kyrkjeleg, som i prinsippet berre er for medlemene av Den norske kyrkja.

Den andre tydinga er knytt til ei viss politisk orientering, på fransk bourgeois (bursjo'a)/bourgeoise. På norsk er borgarleg som politisk omgrep blitt nær på synonymt med ikkje-sosialistisk. I den første tida etter andre verdskrigen vart omgrepet borgarleg brukt om partia Høgre, Kristeleg Folkeparti, Bondepartiet/Senterpartiet og Venstre, etter 1972 òg Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet. Fram til stortingsvalet 1985 samarbeidde desse partia ofte med kvarandre både i koalisjonsregjeringar og på felleslister ved stortingsval. Sidan 1980-talet har omgrepet borgarleg i politikken blitt mindre klart definert. I 1985 gjekk Venstre til val på eit samarbeid med venstresida, og i 2005 gjorde Senterpartiet det same, medan dei tre sentrumspartia i 1997 gjekk til val på eit samarbeid med kvarandre utan å ville ha med seg verken Høgre eller Arbeidarpartiet. Det er dessutan mykje diskutert om Framstegspartiet kan reknast som eit borgarleg parti, sjølv om ingen tvilar på at det er ikkje-sosialistisk. Alt dette har ført til at omgrepet borgarleg er meir uklart og vert mindre brukt i politisk språkbruk i våre dagar.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy