Britisk rhythm and blues
Britisk rhythm and blues var ei musikalsk rørsle som utvikla seg i Storbritannia mellom slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, og nådde ein topp i midten av 1960-åra. Perioden overlappa med det breiare britisk beatmiljøet og det meir puristiske britiske bluesmiljøet, men skilde seg musikalsk frå desse med å prøve å etterlikne musikken til afroamerikanske blues- og rock and roll-pionerar som Muddy Waters, Howlin' Wolf, Chuck Berry og Bo Diddley. Miljet la ofte større vekt på gitarar og vart ofte smelt med høgare energi.
Opphavet til rørsla kom frå britisk jazz, skiffle og folk i 1950-åra. I 1958 vitja Muddy Waters Storbritannia og inspirerte nøkkelpersonane Cyril Davies og Alexis Korner til å byrje å spele elektrisk blues og skipe bandet Blues Incorporated, som vart ein slags garanti-institusjon for britiske rhythm and blues-musikarar. Eit blømande miljø med klubbar og grupper oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra og fleire band slo etter kvart gjennom kommersielt. Større band innan stil er The Rolling Stones, Manfred Mann, The Animals, The Yardbirds, Them og The Spencer Davis Group, som dominerte britiske og amerikanske salslister frå 1964 etter Merseybeat slo gjennom, og vart sentral i mod-kulturen i Storbritannia og ei ny bølgje av artistar under den britiske bølgja i USA.
FLeire av banda og medlemmane deira vart leiande rockeartistar seint i 1960- og tidleg i 1970-åra og var med å skape psykedelisk rock, progressiv rock og hardrock og gjorde rhythm and blues til ein viktig komponent i denne musikken. I midten og slutten av 1970-åra vart britisk R&B igjen populært gjennom britisk soul og disco, pubrock-miljøet, new wave og mod revival, og har hatt fleire populære periodar sidan slutten av 1980-åra. I 2000-åra vart ein britisk verjson av moderne R&B populært, og sidan seint i 2000-åra har fleire britiske kvinnelege songarar innan soul og R&B ført til snakk om ei ny «britisk R&B-bølgje».
Britiske R&B-hittar
[endre | endre wikiteksten]Denne tabellen inneheld innspelingar som gjekk inn på UK Singles Chart tidleg i 1960-åra med britisk grupper. Mange av songane var tidlegare spelt av amerikanske rhythm and blues-musikarar:[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «British rhythm and blues» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952–2004 (1st utg.). London: Collins. ISBN 0-00-717931-6.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- The Mod Generation: The Rhythm and Blues Scene Arkivert 2018-03-10 ved Wayback Machine., essay av Robert Nicholls.