Hopp til innhald

Cumbe Mayo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akvedukten i Cumbemayo.
Foto:

Cumbe Mayo eller Cumbemayo ligg ca. 2 mil sørvest for byen Cajamarca i Peru, 3600 moh.

Staden er mest kjend for ruinane etter ein prekolombiansk akvedukt som strekker seg ca 8 km i lengd. Akvedukten samlar vatn frå Amazonas-sida av Andes og fører vatnet over på Stillehavssida. Ein reknar at konstruksjonen vart gjort ca 1500 år f.kr. og kan vere den eldste menneskeskapte konstruksjon i Sør-Amerika.

Namnet Cumbe Mayo kan komme av ein frase på quechua, kunpi mayu, som tydar bra utført kanal for vatn eller hunpi mayo som tydar tynn elv. Det finst ei rekke med helleristningar i sjølve akvedukten og i fjellhola i området.

Denne fjellregionen er også kjend for ein steinformasjon i naturlege vulkansteinar som er skapt av erosjon. Formasjonane vert kalla Los Frailones, steinmunkene.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy