Hopp til innhald

Dei Fem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei Fem (også Den mektige handfull eller Den mektige vesle gruppa; rus. могучая кучка, Mogutsjaja kutsjka) var ei gruppe nasjonalromantiske russiske komponistar. Gruppa blei danna mellom 1856 og 1862 i St. Petersburg på initiativ av komponisten Milij Balakirev. Andre medlemmer var Aleksandr Borodin, César Cui, Modest Musorgskij og Nikolaj Rimskij-Korsakov. Dei kalla seg sjølve for Novatorane.

Kunstkritikaren Vladimir Stasov fungerte som mentoren deira. Målsetjinga var ein nasjonalt orientert russisk musikk i Mikhail Glinkas ånd. Dei Fem distanserte seg med det frå meir vestleg orienterte russiske komponistar. Dei mest kjende av desse var Pjotr Tsjajkovskij og Sergej Rakhmaninov.

Med et mogleg unntak for Cui fekk medlemmene av gruppa stor påverknad på, eller underviste, mange av dei store russiske komponistane som kom etter: Aleksandr Glazunov, Mikhail Ippolitov-Ivanov, Sergej Prokofjev, Igor Stravinskij og Dmitrij Sjostakovitsj.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Victor I. Seroff: Das mächtige Häuflein: der Ursprung der russischen Nationalmusik. Atlantis, Zürich 1963

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy