Hopp til innhald

Dei frisiske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei frisiske øyane (bortsett frå øyane i det tyske landkreiset Ditmarsken og i Danmark)

Dei frisiske øyane er ei øygruppe søraust i Nordsjøen som går frå aust mot vest langs kysten av Nederland og Tyskland.

I lag med fastlandet rundt Tyskebukta dannar Dei frisiske øyane regionen Friesland, tradisjonelt heimland for frisarar.

Stundom vert og dei danske Vadehavsøyane rekna som ein del av Dei frisiske øyane. Dei ligg litt lenger nord på vestkysten av Jylland i Danmark, sjølv om dei ikkje er med i regionen Friesland.

Dei fleste av Dei frisiske øyane er verna gjennom eit internasjonalt naturreservat som vert samordna mellom Nederland, Tyskland og Danmark. Naturgass og olje vert derimot framleis vunne ut i havområda utanfor øyane, og elvemunningane til Ems, Weser og Elbe estuaries skipstrafikken her skapar stundom gnisningar mellom dyrelivsvern og økonomi.

pFad - Phonifier reborn

Pfad - The Proxy pFad of © 2024 Garber Painting. All rights reserved.

Note: This service is not intended for secure transactions such as banking, social media, email, or purchasing. Use at your own risk. We assume no liability whatsoever for broken pages.


Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy