Delmenhorst
Delmenhorst | |
---|---|
Delmenhorst i 1647. | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Kreisfri by |
Først nemnd i | 1254 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
62,36 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
75 672 1 213/km² |
Koordinatar | 53°03′0″N 8°38′0″E / 53.05000°N 8.63333°E |
Høgd over havet | 7 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 27747, 27749, 27751, 27753,27755 |
Telefon-retningsnummer | 04221 |
Bilnummer | DEL |
Heimeside: www.delmenhorst.de |
Delmenhorst er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg mellom Bremen og Oldenburg.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Delmenhorst vart først nemnd i eit dokument i 1254, etter at greven Oldenburg, Otto I, kjøpte staden nær elva Delme i 1234. Det vart bygd ei borg for å verne om den nye busetnaden i 1247. Den påfølgjande greven, Otto II, flytta inn i borga. 15. juli 1371 vart byen erklært ein sjølvstendig by etter Bremenlova.
Etter ei kort tid under styret til biskopen i Bremen frå 1421 til 1436 vart Delmenhorst gjeve tilbake til Oldenburg. Delmenhorst vart seinare frykta for sine røvarriddarar leia av grev Gerd. Dette enda i 1482 ved at borga vart omleira av biskopen i Münster. Etter dette kom derfor byen under styret til Münster fram til grev Anton I vann byen og borga tilbake i 1547.
Etter at den siste arvingen til Anton, Kristian, døydde i 1647, gjekk Delmenhorst igjen tilbake til Oldenburg. Sidan Oldenburg på denne tida vart styrt av ein slektning av den danske kongen var Delmenhorst no under dansk kontroll.
I 1767 vart Delmenhorst kjøpt av tsaritsa Katarina II, men vart gjeve tilbake til Oldenburg i 1773. I 1777 vart Delmenhorst hertugdøme av Oldenburg. I 1806 okkuperte den franske og nederlandske hæren området, og Delmenhorst vart ein del av Frankrike under Napoleon I frå 1811 til 1813.
Under den industrielle revolusjonen opplevde Delmenhorst kraftig økonomisk vekst, mykje på grunn av Bremen. Sidan Bremen låg i ei anna tollsone måtte kjøpmenn som ville eksportere varer ut frå Bremen betale dyre tollavgifter. Dei eksporterte berre derfor varene til dei omliggande landsbyane.
I 1903 vart Delmenhorst ein kreisfri by, som gjorde at han no hadde sjølvstyre og ikkje vart styrt av noko land. I 1930-åra og depresjonen gjekk enkelte av fabrikkane konkurs, men byen haldt fram med å vekse og innlemma dei omliggande landsbyane rundt seg. Under krystallnatta i november 1938 vart synagogen brend ned av nazistane, som kom til makta i Tyskland i 1933. Etter den andre verdskrigen låg Delmenhorst i den britiske okkupasjonssonen og måtte handsame tusenvis av flyktningar frå Aust-Tyskland, som no var okkupert av Sovjetunionen. I 1950 budde meir enn 57 000 menneske i Delmenhorst.
Frå 1960-åra auka arbeidslausa i byen og meir enn 13 % gjekk utan arbeid, medan 7 % levde på trygd.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Webkamera ved rådhuset Arkivert 2007-04-09 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Delmenhorst frå Engelsk Wikipedia .